«Israelsmisjon» er sett saman av to misforståelege ord

MISJON: I eit innlegg 7. oktober understrekar leiinga i Den Norske Israelmisjonen kor viktig det er at også «i vårt land skal det være trygt for jøder å være jøder.» Det er det vanskeleg å vere ueinig i. Spørsmålet er om norske jødar også kan vere trygge for misjonsforsøk frå majoritetsreligionen i dette landet?

Bilde er frå ein demonstrasjon der Den norske israelmisjon var ein av arrangørane
MISJON: – Er dette ord som eigentleg legitimerer misjon til jødar? Det skulle eg også gjerne ha visst meir om, skriv innsendar Jakobsen. Bilde er frå ein solidaritetsmarkering der Den Norske Israelmisjon var ein av arrangørane.
Publisert Sist oppdatert

I utgreiinga om kyrkjas forhold til jødar blir det konkludert med at målet er «dialog mellom to likeverdige religiøse tradisjoner» basert på at «jøder og kristne dypest sett tror på samme Gud». På bakgrunn av dette, stilte eg i eit innlegg i Vårt Land spørsmål om det er uproblematisk å sameine religionsdialog mellom likeverdige partar med tradisjonelle førestillingar om misjon, den 25. september.

Det einaste svaret eg fekk i avisa var eit innlegg dagen etter frå Erik Dahl. Han meinte at det er ein naturleg del av den kristne trua «å fortelle jøder om Jesus og det han står for. Det må komme i samme gruppe som å forkynne evangeliet for muslimer og hinduer.»

Dahl grunngav dette mellom anna med å vise til Jesu ord frå slutten av Matteus-evangeliet, ofte kalla misjonsbefalinga.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS