Innføringa av kristenretten var røffare enn me skulle ha trudd
VERDIAR: Det var ikkje sånn at alle i Noreg fekk superprogressive verdiar so snart Heilag-Olav sette foten sin på Moster.
RØFT: – Kristenretten var eit kjempesprang for å betra synet på menneskeverdet i Noreg, men nyansane av innføringa kokar bort i feiringa, skriv Adrian Ådlandsvik. Her frå jubileumsveka på Moster tidlegare i sommar.
Sindre Deschington
I ein kommentar i Vårt Land priser Halvor Nordhaug markeringa av kristenretten på Moster som ein veg inn til trua. Han legg ut om korleis lovverket radikalt endra tankesettet som nordmenn har hatt med seg fram til i dag. Skipet Noreg skifta altso kursen for verdiane her til lands.
Eg motseier dette med formuleringa til rettshistorikaren Jørn Øyrehagen Sunde, somomtalar innføringa av kristenretten som: «Eit bra forsøk som lukkast med litt, men ikkje meir enn det.»
Nyansane kokar bort i feiringa