Ikkje greitt!
KJØNNSIDENTITET: Å bli kritisert og stilt til ansvar overfor kristne brødre og søstre for korleis ein er skapt, går på menneskeverdet laust.
MANGFALDIG SKAPARVERK: – Eg nektar å vere med på ein argumentasjon om at Han skal ha skapt oss med ei legning eller eit kjønnsuttrykk som ein prøvelse for oss, skriv Olav Myklebust.
Geir Olsen
Rikke Grevstad Kopperstad har i eit innlegg i Vårt Land teke til orde for å drøfte innhaldet i omgrepet «trygge rom». Hadde ho teke bryet med å gå tilbake til Visjonsdokumentet vi vedtok i 2018, ville ho sett at dette er klart definert der:
Kyrkja skaper trygge rom:
- Alle menneske har ukrenkeleg verdi.
- Kyrkja deltek i arbeid mot undertrykking og alle former for vald og overgrep.
- Kyrkja fremjer språk for, og samtale om, grenser, makt og seksualitet.
- Kyrkja deltek i meetoo-bevegelsen, torsdager-i-svart og tilsvarande.