Aksel Johan Lund

Prestestudent ved VID Misjonshøgskolen

I ein kronikk i Vårt Land 20. januar kritiserer Fredrik Stormark kraftig presteutdanninga i Noreg. Stormark er sjølv «tidligere prestestudent», men det framgår ikkje av det han skriv verken når eller kor han har studert. Det er godt mogleg dette er utelate av omsyn til lærarar og studiestad, men det er problematisk å trekkje den konklusjonen at slik han opplevde studiet der og når han sjølv studerte, er slik alle norske presteutdanningar er no i dag. Det han skriv er så generaliserande og fjernt frå min kvardag som prestestudent, at eg ikkje kan la det stå uimotsagt.

Todelt utdanning

Eit sentralt premiss i Stormarks kronikk er at årsaka til rekrutteringsutfordringane Den norske kyrkja går i møte, er ei utilstrekkeleg presteutdanning. Presteutdanninga er for akademisk, der Gud er ein hypotese, og sentrale læresetningar stillest spørsmål ved. Utdanninga burde derimot styrkje studentane si tru, byggje dei opp, og utruste dei til teneste, meiner han.

Det er i og for seg greitt nok å innvende at teologiutdanninga er for akademisk, men framstillinga hans vert for einsidig. Presteutdanninga i Noreg er på eit vis todelt. For å få godkjent ei ordinær presteutdanning, må ein gjennomføre både ei mastergradsutdanning i teologi, og det me kallar praktisk-teologisk seminar. Desse to er vesensforskjellige. Mastergraden i teologi er eit akademisk studium, medan praktisk-teologisk seminar er den delen av utdanninga der ein lærer om praktisk prestearbeid, som forkynning, gudstenester og kyrkjelege handlingar, sjelesorg, og så vidare.

LES OGSÅ: Prestekrisen i Norge: Nesten halvparten av landets teologer er ikke prester

Kritikk av Bibelen

Distinksjonen er viktig av to grunnar. For det første, er det faktisk slik at ein del av arbeidet som prest, dreier seg om å vere teologisk fagperson. Teologifaget er viktig, og det ville neppe gagne kyrkja om norske prestar manglar forståing både av teologifagets historie og tendensar innan faget i nyare tid. Ein kan dessutan stille spørsmål med om det verkeleg ville styrkje studentanes kall til kyrkjeleg teneste å aldri møte motstand, ikkje ein gong i form av berettiga akademisk kritikk av Bibelen og den kristne trua. Er det ikkje betre å få høve til å møte dei kritiske spørsmåla i eit læringsmiljø, heller enn når ein kjem ut i arbeid? Er det ikkje ein rikdom å ha høve til å møte, og bryne oss på, andre teologiar enn den me sjølv har vakse opp med?

Kristent verdsbilete

For det andre bør ein merkje seg at Stormarks kritikk av teologifaget stort sett nyttar døme frå GT-faget. Det vert alt for lettvint å kritisere heile presteutdanninga med utgangspunkt i GT-faget, utan å nemne den praktisk-teologiske delen av utdanninga med eit einaste ord. Det er innlysande at kven som helst som er interessert i religionar og antikke tekstar skal kunne studere Det gamle testamentet, uavhengig av tru og livssyn, og då må dette faget nødvendigvis handsamast som ein akademisk disiplin. Det same er derimot ikkje tilfelle for den praktisk-teologiske utdanninga, som har som sitt formål å utdanne prestar til teneste i Den norske kyrkja. Dimed vil jo GT-faget sjølvsagt vere av ein meir akademisk art enn det den praktisk-teologiske utdanninga er. Og medan GT-faget ikkje nødvendigvis har Guds eksistens som eit premiss for sitt fag og sin metode, tar dei praktisk-teologiske disiplinane absolutt utgangspunkt i eit kristent verdsbilete.

Heilhjerta anbefaling

Stormarks kritikk er for lettvint og unyansert. Det er leit at hans erfaringar med teologiutdanninga ikkje er meir positive, men det vert likevel for dumt å generalisere og trekkje forhasta slutningar ut i frå det. Mine erfaringar med eiga teologiutdanning er stikk motsett – eg opplev utdanninga som styrkande for mi eiga tru, og den faglege tyngda eg får er ein stor tryggleik i møte med det arbeidet eg er på veg inn i som prest i Den norske kyrkja. Presteutdanning kan eg anbefale heilhjerta.

LES MER:

Mener presteutdanningen må bli mer tilpasset virkeligheten i Den norske kirke

Samler inn penger for å rekruttere unge med «et klassisk kristent syn» til kirkelig tjeneste