Gule les og refererer Storhaugs bok om islam selektivt og gale
I to innlegg har Gule prøvd å så tvil om kor seriøs og truverdig Storhaug er i omtalen av islam. Men dei "feila" han finn, skriv seg i stor grad frå hans eiga vrangvillige lesing.
Om innlegget "Fenomenet Storhaug"
Første innlegget til Gule, "Fenomenet Storhaug", skreiv eg om i kommentaren "Kasuistikk og statistikk". Men eg kom ikkje der inn på intervjuet Aftenposten gjorde med Grete Brochmann, som han viste til. På spørsmål om flyktningstraumen ville tvinge oss til å endre den norske velferdsmodellen, svara ho, slik Gule korrekt siterte: "Jeg tror en liten justering må til". Men det er uklart kva ho eigentleg svara på; om svaret gjaldt asylstraumen i år eller ho også inkluderte den som seinare kan kome. Dei 31.000 asylsøkjarane i 2015 vil ikkje nødvendigvis gje så store endringar, men sjølv om berre halvparten så mange får asyl kvart år framover, vil dette, saman med eksisterande og komande familieinnvandring, få velferdsstaten til å bryte saman; sjå innlegga "Innvandring og økonomi" og "Kostnaden ved asylinnvandringa". I siste overslaget har eg ikkje eingong teke med kostnaden for dei første seks åra, på fleire hundre tusen per år for kvar asylsøkjar og det mangedoble for kvar under 18 år, fordi eg trudde SSB hadde inkludert dette i reknestykket sitt. Men det har dei ikkje, sjå her og her. Sjølv i ei tid med full sysselsetjing var dessutan berre omlag halvparten av innvandrarane frå muslimske land i arbeid. No har vi alt 130.000 arbeidslause i landet, og økonomane spår endå fleire til neste år. Då blir det plent umuleg å skaffe arbeid sjølv til muslimske flyktningar og innvandrarar som ønskjer det, gitt at ingen av dei kan snakke norsk og svært få har kompetanse for vårt avanserte arbeidsliv, der berre 4% av stillingane er for ufaglærte.
Om innlegget "Storhaugs fordreininger"
Bestill abonnement her
KJØP