Gud er Gud om hen og han var døde

HEN: Gud er Gud same kor mange teologar som velsignar eller åtvarar mot det nye «gudsordet».

Sverre Hatle om han, ho, hen
DEBATT OM HEN: Gud er Gud, også når han «bär för mig en moders hjärta», skriver Sverre Hatle.
Publisert Sist oppdatert

Vi vil gjerne vere «inkluderande», slik som finnane, dei har ikkje noko særpronomen for han og ho. Eg budde mange år i ei samisktalande bygd. Der sa vi «son» både om gut og jente og Gud. Det var ikkje noko problem. Men dei samiske elevane mine hadde ofte problem med huset og taket og golvet når dei skulle skrive norsk. Det kunne lett bli husen og taken og golven. For norsk har noko som verken finsk eller samisk har: grammatisk kjønn. Til og med tre kjønn! Ikkje berre på folk og dyr, men på livlause ting og abstrakte begrep: båten og skuta og skipet, tvilen og trua og vitet – han, ho, det.

Kjønnsnøytrale dølar

Har vi gløymt det, alle mann og alle nordmenn, likemenn og landsmenn? Eg har budd i Gudbrandsdalen òg. Der seier dei hen i staden for han, med palatal konsonant. Så dølene har lenge vore kjønnsnøytrale! Sjølv seier eg berre ‘n eller ‘en når pronomenet er trykklett, så da høyrest eg òg kjønnsnøytral ut.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP