Framtidig frivillighet
Korleis har frivilligheten endra seg, og korleis skal vi dyrka fram ein framtidsretta frivillighet i Den norske kyrkja?
I eit interessant og tankevekkande innlegg i VL mandag 24. august lyfter Magnhild Landrø opp eit spesielt viktig tema, nemleg frivilligheten i Den norske kyrkja (DNK). I Innlegget drøftar Landrø frivilligheten i DNK opp mot frivilligheten i Det norske misjonsselskap (NMS). Eg vil gi honnør til Landrø for at ho vågar å ta tak i dette og setja ord på det. Vi er mange som har kjent på ulike sider ved frivillig arbeid både i DNK, i kristne organisasjonar, idrettslag, kor, korps osv. For meg er det eitt overordna ord som står skrive over alle desse arenaene for frivillighet, og det er ivaretaking.
Dette innlegget er ikkje eit svar på korleis DNK skal klara det store løftet som må til, men det er eit innlegg som har som mål å seia noko om kva som er viktig innanfor frivilligheten. Som kyrkjeleg tilsette kan vi ikkje knipsa med fingrane og så er løftet gjennomført. Vi må legga stein på stein og gjennom haldningar og praksis vera med og legga til rette for at dette frivillighetsløftet veks fram som eit ønske og ein god ting i DNK.
Eg har sjølv vore frivillig i det meste som går an å vera frivillig i; politikk, kor, kyrkjelyd, idrettslag, kristne misjonsorganisasjonar og innanfor skulesystemet, som klassekontakt. Mi erfaring er at den beste samhandlinga og den mest effektive frivilligheten skjer der stab/administrasjon og frivillige jobbar i team. Det er viktig at dei frivillige blir møtt på sine ynskjer og behov og at dei får tillit til å forma oppgåvene som dei vil gå inn. Og så er det grunnleggande for god frivillighet at ein kjenner seg sett og ivaretatt av eit større system, som i dette tilfellet vil vera ein stab eller administrasjon på eit eller anna nivå.
Bestill abonnement her
KJØP