Framtidas kyrkje må vere noko meir enn spørsmål om rett og gale

USEMJE: Uavhengig av kva slags syn du og eg har på likekjønna ekteskap, ordinasjon av skeive, og teologi som heilskap, skal me som kristne byggja Guds fellesskap. Det klarer me ikkje om kyrkja blir eit reint diskusjonsforum for kva som er rett og gale.

«Som metodist vonar eg at denne sommaren var siste gong eg måtte stemme over spørsmål om likestilling for skeive i kyrkja mi», skriver innsendaren. Bildet er fra årets Pride-gudstjeneste i Grønland Kirke.
Publisert Sist oppdatert

Som metodist vonar eg at denne sommaren var siste gong eg måtte stemme over spørsmål om likestilling for skeive i kyrkja mi. For Frikyrkja blei derimot årets synodemøte truleg eit startskot for debattane som kjem. Både i og etter desse diskusjonane er det ofte eit perspektiv me gløymer. Fordi kva skal kyrkja vår vere, utover diskusjonar om etikk og moral? Svaret på det spørsmålet trur eg kan rettleia oss til å skape levande kyrkjer også for framtida.

Diskusjonar som tærer

I ettermælet av vedtaka til både Metodistkyrkja og Frikyrkja har spørsmål kring likekjønna vigsel og ordinasjon av lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og andre (ofte forkorta til LHBT+ eller fellesomgrepet «skeive») fått mykje spalteplass i Vårt Land.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS