Foreldra er viktige for ungdomane
ALKOHOL: Ikkje-drikkarane har eit noko meir ope forhold til og dialog med foreldra sine enn dei som drikk. Og foreldra til ikkje-drikkarane har meir kontroll over og kunnskap om kva borna driv med.
UNGDOMSGJENG: – Dei siste åra har norsk tenåringsdrikking vorte mindre enn då tenåringsdrikkinga mot slutten av 1990-talet nådde ein topp. Den samme trenden ser ein no over heile Europa, skriver innsenderne. Illustrasjonsfoto: Thomas Brun / NTB
Thomas Brun
Forskinga viser at stadig færre unge drikk alkohol. Ei undersøking med svenske ungdomar har mellom anna undersøkt på kva måte dei unge som ikkje drikk alkohol skil seg ut frå dei som drikk. Forskarane har no fått nokre svar. I forskning.no har Høgskolen i Innlandet 11. mars i år presentert nokre av funna i denne ungdomsstudien, som dei har gjort saman med svenske forskarar.
For oss i IOGT (International Organisation of Good Templars) i Region Midt-Norge er det kjekt å lese at studiar no viser at stadig færre ungdomar drikk alkohol. Det er også interessant det som vert sagt om kva forhold dei unge har til foreldra sine. Vi har eit program som heiter Sterk & Klar, som nettopp går på dette å styrkje foreldrerolla.
Ny undersøking