Førebudd på eit nei til NIPT?

FOSTERDIAGNOSTIKK: Er det noko gale med systemet når eit tilbod ikkje lenger opplevast som valfritt, men noko det forventast at du takkar ja til?

FOSTERDIAGNOSTIKK: Innsendaren ønska å ta tidleg ultralyd, men ikkje å ta NIPT-test. Det opplevde ho ikkje å få forståing for.
Publisert Sist oppdatert

Eg las akkurat om Cecilia Ingulstad som takka nei til NIPT på grunn av den manglande informasjonen ho fekk om fosterdiagnostikk i forkant av prøva. Eg takka også nei for nokre veker sidan, men opplevde dessverre eit system og eit helsepersonell som ikkje var førebudde på eit nei til NIPT.

Trass i at eg vil vere 41 år ved termin, og testen er eit tilbod for alle gravide frå 35 år ved termin, bestemte mannen min og eg oss tidleg for at vi ikkje ville utsetje oss for NIPT. Vi ventar vårt fjerde barn og gler oss over det nye livet.

Vi takkar nei mellom anna fordi vi veit at NIPT kan gje falske positive svar som krev vidare testar som kan gje alvorlege følgjer for fosteret. Vi ønsker ikkje ta ein slik risiko eller gå inn i dei dilemmaa når vi veit at vi uansett vil ha barnet, med eller utan kromosomavvik.

Powered by Labrador CMS