Det er snart 300 år sidan Ludvig Holberg skreiv komedien om Rasmus Berg, bondestudenten som narraktig nok laga ein latinsk vri på namnet sitt. Men stykket er like aktuelt i dag. Vi treng ikkje gå lenger enn til oss her på Verdidebatt. Om ikkje alle slår like mykje om seg med latin som Erasmus gjorde, så likar vi til liks med han å ”disputere”.