«Er det «vår» synd som har ført til dette?»

FORDOMMAR: I 1942 ville knapt nokon ha gjort seg kritiske refleksjonar når dei høyrde «bøn om fred». Den var jo gjennomsyra av omtanke for det jødiske folket. Men bismaken sit i.

SYNET PÅ JØDAR: I jula 1942 las mange prestar opp «Bøn om fred». Mot slutten av bøna kjem eit avsnitt som viser at heilt alminneleg, «from» tankegang i kyrkja er på lag med eit tidstypisk syn på jødar, skriv Egil Morland. Bildet visar ein fullsatt Frogner kyrkje under den andre verdskrigen.
Publisert Sist oppdatert

Jula vart feira også krigsvinteren 1942. Frå den minneverdige påskedagen same året, då meir enn 90 prosent av prestane i Den norske kyrkja la ned embeta sine, under grove trugsmål om straff for landsforræderi, hadde dei – så langt det var praktisk mogleg – halde fram med å gjera alt vanleg prestearbeid. Etter brotet med staten var det ingen veg attende. Folk måtte velja mellom NS-kyrkja og den frie folkekyrkja. Slik skulle det vera i drygt tre år framover.

Hausten hadde vore lang og tung. Om lag fjerdeparten av prestane vart anten arresterte, internerte, forviste eller regelrett kasta ut av heimane sine. Ute rasa krigen vidare. 1942 var året med flest torpederingar og krigsforlis for den norske handelsmarinen. I oktober og november stod slaga både om Stalingrad og om Afrika og Suez-kanalen, begge deler viktige vendepunkt. Men det var så mange slike «avgjerande» hendingar. Det er først i ettertid vi veit at i denne jula var berre halvparten av dei vonde krigsåra gjennomlevde.

Det var difor mykje å leggja fram for Gud i bøn denne jula.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS