Eit svar til Sylfest Lomheim
BIBELOMSETJING: Den einaste omsetjinga eg har sett som skriv «husrom» i staden for «herberge», er den portugisiske. Poenget er uansett at begge variantane er «rette» og let seg språkleg forsvara.
ORSAKAR: Eg ber om orsaking for at eg kom til å stava Sylfest feil, og om professoren tykkjer eg er harselerande, vil eg be han orsaka også det, skriv Kjell Arild Pollestad.
Vårt Land
Eg ber om orsaking for at eg kom til å stava Sylfest feil, og om professoren tykkjer eg er harselerande, vil eg be han orsaka også det. Eg trudde sjølv eg var sakleg, og visste ikkje at det vrimla av professorar i omsetjing ute i Europa.
Likevel tykkjer eg Lomheim viser ei lite akademisk haldning når han så skråsikkert skriv: «Det avgjerande er at Lukas ikkje brukte eit ord som kan omsetjast med herberge.» Eg skriv sjølv at «husrom» ikkje er feil; hjå Polybios finn me ordet i om lag denne tydinga i det 2. hundreåret f.Kr. Det er feil å gje Luther skulda for «herberge»; Hieronymus nytta ordet i si latinske omsetjing 1200 år før.
På russisk står eit ord som i dag tyder hotell, og på svensk skriv dei «härbärge» så seint som i 2000. Det same gjer dei nygreske og italienske omsetjingane. Den einaste eg har sett som har «husrom», er den portugisiske.
Bestill abonnement her
KJØP