Eit slag mot jødeparagrafen
Hadde jødeparagrafen i Grunnlova blitt ståande, ville golfstjerna Suzann Pettersen aldri blitt fødd.
Grunnlovsfedrane sine ord om at jødane var farlege sidan dei aldri kunne bli lojale borgarar i eit land dei ikkje styrte sjølve, skrik imot meg som ei grotesk løgn på Jødisk Museum i Oslo. Museet har, 200 år etter Grunnlova, laga utstillinga «Heia jødene!». Utstillinga viser korleis jødane, då dei endeleg fekk lov å komme til landet, raskt fann plassen si. Friluftsliv og idrett vart ein viktig port inn til det norske samfunnet.
Jødane har ikkje noko å feire 200 år etter Grunnlova. Jødisk Museum har snudd om på saka - ved å vise kva Grunnlova ikkje tillet: Jødisk liv i Noreg. Dette livet blei først råd frå 1851 då paragrafen blei oppheva. I 1848, det vil seie tre år etter Henrik Wergelands død, ville danske og svenske jødar reise ein statue av Henrik Wergeland som kjempa mot paragrafen. Dei måtte ha spesialløyve for å komme til landet for å reise statuen.
Det nok fleire tiår før det blei ei viss innvandring. Då undertrykkinga av jødar i Tsar-Russland vart forsterka frå kring 1880 - med tidvis valdelege åtak - reiste to til tre millionar jødar frå Russland. Ikkje mange kom hit, men likevel blei det lagt grobotn for eit lite, jødisk samfunn. På 40 år kom 1.200 jødar. Dei drog frå vald og fattigdom og kom til eit land der hardt arbeid og stor tilpassingsevne måtte til. Dei måtte lære språk og skaffe seg eit levebrød.
Bestill abonnement her
KJØP