Eit råd til Kyrkjerådet
KYRKJELEG ORGANISERING: Temaet lokal leiing bør ikkje vedtakast allerede i år. Til det framstår saka umoden.
MEIR TID: – No er det viktig at den tunge maratondistansen som denne debatten har vore, ikkje endar med at ein spurtar så hardt at ein snublar på målstreken, skriv listekandidater i Bjørgvin.
Illustrasjonsbilde: Kirkerådet
Kyrkjemøtet i 2022 gjorde eit prisippielt viktig vedtak om kyrkjeleg organisering, der ein vidarefører annan arbeidsgjevarar for prestar enn for andre kyrkjelege tilsette. Vedtaket legg heldigvis til rette for å oppnå same daglege leiing for alle som arbeider i lokalkyrkja. Samtidig manglar det enno eindel avklaringar. No er det difor viktig at den tunge maratondistansen som denne debatten har vore, ikkje endar med at ein spurtar så hardt at ein snublar på målstreken.
Lokal styring
Som kandidatar på nominasjonskomiteen si liste til bispedømmerådet er me grunnleggjande opptekne av at kyrkja skal vera forankra i sokna og sokna sine organ. Difor er me opptekne av at både lokal styring frå dei folkevalde organa og lokal leiing for dei tilsette må vektleggjast. Lokalkyrkja er avhengig av både god andeleg leiing frå sokneprest og prost, og god dagleg leiing, der dagleg leiar representerer dei lokale råda.