Eit forsvar for forpliktande samliv mellom to av same kjønn
SAMLIV: Å snakke om «Skriftas klåre ord» framstår ofte som forsøk på å lukke teksten og samtalen. Om meininga var så klar, er det veldig rart at ho har blitt forstått så ulikt til alle tider!
KUNNSKAP: Forsking og kunnskap er viktig når vi drøftar ekteskap og samliv, mellom heterofile og homofile. Det er viktig, ikkje fordi kyrkja skal være tvungen til å seie ja og amen til alt det forskinga finn ut av, men fordi vi skal vite kva vi snakkar om.
Erlend Berge
Eg reknar med at vi er samde om at alle som les Bibelen, tolkar. For den vidare samtalen om samliv mellom to av same kjønn, er det derfor rimeleg at vi startar med dette som eit felles utgangspunkt. Alle prestar veit jo at det, bokstaveleg talt, er umogleg å vere bokstavtru: Som teologar har vi lese gresk og hebraisk og veit at vi har å gjere med ei mengde manuskript, kopiar og fragment. Bibelen er eit stort bibliotek.
Eg har for stor respekt for både Bibelen og for menneskeliv til å lese Bibelen bokstavelig. Bibelen må bli lese grundig, kritisk og varsamt. Vi kan ikkje forstå tekstane utan å sjå dei i samanheng med den tida og den kulturen dei blei skrivne i, ei tid som på mange måtar var forskjellig frå den tida vi lever i no. Å snakke om «Skriftas klåre ord» framstår ofte som forsøk på å lukke teksten og samtalen. Om meininga var så klar, er det veldig rart at ho har blitt forstått så ulikt til alle tider!
«Er det ikkje noko som står fast då?» spør du. «Og tar dei som er for likekjønna ekteskap Bibelen og det kristne evangeliet på alvor?» Eg vil svare: «ja». Kvifor?