Ein drope i havet for eit statsbudsjett

KONGSHAUG: Trygve Skaug har gått der. Boy Pablo likeså. Men nå står tilbodet i fare. Det kan politikarane gjere noko med.

TALENTFABRIKK: Trygve Skaug og Boy Pablo har begge gått på Kongshaug Musikkgymnas. Men no kuttar regjeringa i stønaden til skulen.
Publisert Sist oppdatert

Kjære politikar! Eg vil gjerne fortelja kva Kongshaug Musikkgymnas betyr – og kva nettopp du kan gjera for å berga tilbodet.

Det handlar eigentleg om skarve 4,5 millionar kroner. Ein drope i havet for eit norsk statsbudsjett. Men eit lite hav for Kongshaug musikkgymnas. Regjeringa har i år kutta stønaden for ein-til-ein-undervising – som er heilt avgjerande for at elevane skal foredla talenta sine.

Eg er far til ein elev på Kongshaug. Han er russ dette året. Han veit at eg skriv dette brevet; han har lese gjennom og «godkjent» at pappaen har valt å engasjera seg. Og kvifor gjer eg det? Jo, fordi eg gjennom dei siste par åra har sett med eigne auge – og høyrt med eigne øyre! – kor viktig tilbodet på Kongshaug er. No ber eg om at alle gode krefter slår seg saman for at tilbodet skal overleve. For ungdommane våre. Og for mangfaldet vårt.