Eg er ein «misjonærfar»
MISJONSSAMBANDET: Med den kunnskapen eg har no ville eg ikkje ha sendt barna i frå oss til internatskule. Eg vedgår at eg no, som far og bestefar, plagar meg sjølve med dei val vi tok.
EIT STERKT KALL: «Eg har vokse opp med ei sterk forkynning om kallet og ordren vi har som kristne til å drive misjon», skriv Kåre Fauske. Her er han i teneste i Peru ein gong på 1980-talet. Barna hans budde på internat, men i dag meiner Fauske at dei skulla ha budd saman som familie i misjonsåra.
Foto: Privat
Misjonærbarn vart sendt bort og skilt frå foreldra på Norsk Luthersk Misjonssamband(NLM) sine internatskular i utlandet. Endå ein gong er det framme i media-bildet.
Misjonærbarn har foreldre, fleire hundre av oss, og vi har vore ganske fråverande i debatten, så langt eg har sett. Det er kanskje det beste at vi held oss i bakgrunnen og ikkje overtek denne saka, men heller lyttar til barna våre utan å gå i forsvar eller skal forklare alt. Så eg ynskjer ikkje å stoppe eller spore av debatten, men heller støtte opp med å sjå det frå ein far si side.
Eg er far til fire barn som var med oss til Peru der vi var misjonærar frå 1981-90. Tre av dei var elevar ved Den norske skulen og budde på internatet i Arequipa meste av tida frå -86 til -90. Denne skulen var mellom dei siste som vart oppretta for misjonærbarn frå Misjonssambandet, så slike skular har noko ulik historie. Denne var ein liten skule med få elevar på internatet. Dei som arbeidde ved skulen og internatet la ned eit kjempearbeid for at barna våre skulle ha det bra. Likevel forstår eg endå betre i ettertid kor vanskeleg dette var for barna og oss som familie at vi ikkje kunne vere saman. Difor har eg ikkje vanskar med å skjøne den belastninga barn kan få ved ei slik internatløysing. Tema om misjonærbarn og deira oppvekst vert ekstra nært og personleg for meg.