Distriktspolitikken krev prioriteringar
BUDSJETT: Eg er heilt trygg på at enda på visa vert at Venstre sluttar seg til prinsippet om grunnrenteskatt, men med ei litt anna utforming. Ikkje primært av omsut for næringa, men for eige samvit si skuld.
OPPDRETT: «Oppdrettsnæringa vil no verte behandla slik som vi har behandla vasskraftnæringa i 100 år og oljenæringa i 50 år», skriv Geir Pollestad. Bildet viser SalMars lakseoppdrettsanlegg i Frohavet på Trøndelagskysten.
Kallestad, Gorm
Alfred Bjørlo tillèt seg 9. oktober å fantasere fritt om Senterpartiet sitt syn på distriktspolitikk – og bommar grovt. Vi fører ein politikk for å bygge heile landet gjennom å legge til rette for investeringar, tenester nær folk og styrka beredskap.
Nytt forslag
Bjørlo samanliknar forslaget til grunnrenteskatt på havbruk som Høgre og Frp fekk greidd ut i 2019 med dagens forslag. Forslaget i 2019 innebar dobbel så høg skattlegging, at alt skulle tilfelle staten, inga direkte utbetaling ved investeringar og inga skjerming av dei små aktørane.