Diakonale høgtider

RØRSLE: Det er to høgtider eg gler meg til i mitt diakonliv. Strengt tatt er ingen av dei offisielle høgtider. Men i mitt hovud, for ikkje å seie hjarte, er dei det.

FRAMTID: Både Fasteaksjonen og Helgemesse er bygd på vona om at ting kan bli betre. Felles for begge markeringane at dei gjev oss Kristus- møter, skriv diakonen. På biletet: Kirkens Nødhjelp deler ut hygienepakkar til dei som er internt fordrivne i austlege Sudan. Det deles ut hygienepakkar til dei som er internt fordrevne i det østlege Sudan.
Publisert Sist oppdatert

Det er Helgemesse, slik me hadde sist helg og Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp, tysdagen før Palmesundag.

Det vert sagt mykje om kyrkjeleg byråkrati, «dei mange i Kyrkjas Hus», men når det gjeld Helgemesse er det strålande det arbeidet dei gjer.

På nettsidene ligg gode ider og hjelp til markeringar. Den felles marknadsføringa gjer at også me i lokal kyrkja vågar og tenke ny, og kan hende heilt nye tankar. I videosnuttar og reklame materiell anar ein fagleg tanke om kva som kan treffe folk heime. Dei dyktige folka i Kyrkjas Hus skal ha stor takk , også for årets stoff til Helgemesse.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS