Brems!
Eg var på veg til jobb i går, og var litt seint ute, som vanlig. Eg vart liggande rett bak ein pumpebil eit stykke på vegen. Trafikken var litt tett, og eg ergra meg litt over at eg ikkje kunne lære meg å komme meg av garde litt tidlegare. Tankane kretsa på alt mellom himmel og jord, då eg brått høyrte ei stemme seie: “BREMS!
Ikkje ligg så nær den bilen.” Eg bremsa, og lot bilen foran få ei god luke. Så skjedde det, nokre få sekund etter at eg hadde fått god avstand. Han kom for langt ut på kanten og begynte å få sleng på seg. Eg hadde hjertet i halsen, for dette var ikkje første gang eg såg ein stor bil køyre ut. (For nokre år sidan var eg vitne til ein tankbil som føyk gjennom lufta rett foran augene mine.) Heldigvis vart ingen andre truffe, og pumpebilen endte i bergveggen med passasjersida inntil. Eg fekk god tid til å bremse, og stoppa bilen, før eg la på sprang. Føraren var uskadd og i fin form. Heldigvis. “Eg trur du må finne deg nokon som kan hjelpe deg å få bilen opp igjen” stotra eg litt klønete. Akkurat som om han ikkje visste det. Det gjekk godt. Men det kunne gått skikkelig gale.
Kva hadde skjedd om eg ikkje hadde bremsa i forkant av denne ulykka? Det hadde nok gått bra det og, slik det heile fortonte seg, men eg hadde nok fått meg ein langt større støkk. Fordi eg høyrte på stemma, fekk eg god tid til å reagere.
Lytt til kropp og sinn! I livet går vi somme tider på skikkelige smellar. Om vi hadde lytta til den indre stemma som seier "BREMS!" kunne vi kanskje unngått ein del plunder for oss sjølv. For det handlar ikkje så reint lite om å lytte, både til kropp og sinn. Mange ganger slit vi oss ut fordi vi ikkje er flinke å lytte til kroppen vår. Mange undertrykker signal i årevis, og ender opp med hjerteinfarkt, høgt blodtrykk, eller kanskje depresjonar og angst, eller dei vert utbrent og må bruke årevis på å kome seg på fote att.
Bestill abonnement her
KJØP