Bør desse salmane gå i gløymeboka?
Innleiing
Her fylgjer eit oversyn over dei salmane som etter forslaget vert uteletne i det nye salmebokforslaget. Sjå gjerne gjennom, og dersom det er salmar der som du er glad i, kan du gje beskjed til Kyrkjerådet om at du ynskjer å vidareføre dei. (Sjå link nedanfor). Eg har sett ei stjerne ved dei salmane eg personleg veldig gjerne skulle hatt med vidare. Dette gjeld i sterk grad Brorsons salmar; eg må seie det er trist at så mange av hans salmar ikkje vert vidareførte. I tillegg er det mange svært solide bibelske salmar som fell ut av kategorien "Kristus, vår frelsar".
Elles har ikkje eg generelt sett nokon prinsipiell motstand mot å reformere salmeboka, så lenge dei salmane som også kjem inn er i samsvar med, og forkynner, bibelske sanningar. (Sett i ljos av desse premissa fell diverre ganske mange av salmane i det nye salmebokforslaget gjennom. Men det skal eg ikkje gå meir inn på her.)
Bestill abonnement her
KJØP