Blir det forsoning no?
FORNORSKINGSPOLITIKK: Korleis skal forsoning med samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar kunne lukkast når eit forsvinnande lite antal nordmenn føler at forsoning angår dei?
KARASJOK 1950: Norske skular spelte ei sentral rolle i fornorskinga av samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar. Her frå Internatskolen for Flyttsame-barn, der ein samisk elev leser norske ord frå tavla.
I morgon, 1. juni, legg Kommisjonen for å granske fornorskingspolitikk og urett overfor samer, kvener og norskfinner (betre kjend som Sannings- og forsoningskommisjonen) den 700 sider lange sluttrapporten sin fram for Stortinget. I denne rapporten kjem dei med ei rekke tiltak som skal skape forsoning mellom den norske stat og samane, kvenane, norskfinnane og skogfinnane som gjennom fleire tiår vart utsette for grove menneskerettsbrot gjennom fornorskingspolitikken.
Lenge var forsoning i dette landet einstydande med heling av såra etter den andre verdskrigen. Akkurat no er ein heilt annan forsoningsdebatt aktuell: korleis skal dei gruppene som har lidd historisk urett i form av fornorsking forsonast med den norske staten – og med majoriteten? Korleis skal dei kunne lukkast når eit forsvinnande lite antal nordmenn føler at dette angår dei?
700 personlege historiar