Bispevalet i Sør-Hålogaland og likekjønna ekteskap
Somme har kritisert at bispekandidatane til Sør-Hålogaland reflekterer berre eitt syn på samlivsetiske spørsmål. Dei seks kandidatane er alle for likekjønna ekteskap. Det som blir omtala som det klassiske, konservative synet, er ikkje representert.
Som ein av dei nominerte kandidatane har eg tidlegare uttala at dersom eg skulle bli biskop i Sør-Hålogaland, vil eg arbeide for at likekjønna par kan inngå ekteskap i kyrkja. Samstundes er eg oppteken av å respektere at det finst to syn i dette spørsmålet i kyrkja.
Oppfatninga av likekjønna ekteskap har for meg prinsipiell karakter, slik dei som står for eit konservativ syn òg vil hevde for sin del. For meg handlar det om bibeltolking og om synet på historia. Det er avgjerande korleis Bibelen kan – og ikkje kan - nyttast i høve til vår eiga tid. Ein må skilje mellom ånd og bokstav i Bibelen. Han er ikkje ei lovbok som ein kan regulere alle menneskelege tilhøve ut frå. Bibelen må tolkast historisk, ut frå tida og konteksten dei forskjellige skriftene vart til i. Dessutan reknar den kristne trua med at Gud framleis skaper og opprettheld skaparverket. Ut frå denne føresetnaden høyrer også endringar med til skaparverket.
Det konservative synet på likekjønna samliv og ekteskap definerer eit bestemt historisk syn på ekteskap og familiemønster som ei guddommeleg ordning. Denne forma for ordningsteologi er problematisk ut frå ein historisk ståstad. For ein seier med det at ekteskapet på Paulus’ eller Luthers tid er nett slik som Gud meinte det skulle vere og har bestemt det frå æve av. Ein tek då ikkje omsyn til at verda er i stadig endring, men opphøyer visse historiske ordningar som guddommelege og dermed gyldige til alle tider.