Biskopane - kristensionisme og Israel
Kyrkjeleiarane i Jerusalem ber kyrkjene legga press på begge partane i konflikten mellom Israel og palestinaarabarane. Biskopane svarar med press mot den eine - kombinert med stigmatisering av ei gruppe. Det blir lite truverdig
Etter oppmoding frå fleire, vil eg her kort gjera greie for desse vurderingane:
- Bibelteologisk er det tre sentrale poeng som vi må løfta fram om det jødiske folk og Israel:
- Bibelen viser at det jødiske folk er Guds utvalde folk like frå lovnadane til Abraham. 1Mos.12 ++. Gud angrar ikkje. Rom. 11,29.
- Lovnadane gjeld også i NT - både frelseslovnaden og landlovnaden. Les Rom. 9-11, 15,8 og Luk. 21,24. Jerusalem skal vera nedtrakka «heilt til tida for heidningane er ute». Å skilja totalt mellom jødane og staten Israel blir umogeleg - sjølv om staten og den til ei kvar tid sitjande regjering ikkje skal guddommeleggjerast.
- Den kristne kyrkja har fått eit kall til å velsigna jødane og dela evangeliet med det jødiske folk. «For jøde først.» er ikkje ferdig fortid. Rom.1;14ff
2. Eg les biskopane sin uttale som unyansert både om kristensionisme og om politiske realitetar i regionen. Slik eg kjenner Israels kristne venner har dei ulike politiske og teologiske vurderingar på fleire felt - også om dei har merkelappen «kristensionistar - som sionistar generelt. Å karrikera for så å angripa karikaturen, er velkjent - men ingen stor kunst. Så skal eg gjerne presisera: Eg også les ein del israelslitteratur som eg kan undra meg over korleis dei får det til. Men nett nå undrar eg meg mest over korleis biskopane veljer sine kampar. Folks inntrykk er at det berre er på konservativ side det galne er. Når tok biskopane sist oppgjer mot liberal teologi?
Bestill abonnement her
KJØP