Årsaker til fattigdom

Kjem fattigdom av mangel på naturressursar, for få utdanna og kvalifiserte personar, for mykje eller for lite statsstyring, utbytting, låge prisar på råvarer eller har det noko med kultur, tilpassing eller IQ å gjere? Kva meinte J.K. Galbraith?

Publisert Sist oppdatert

Hogne Øian og Ole Jørgen Anfindsen har (hatt) ein drabeleg diskusjon her på Vd om rasisme generelt og om mulege skilnader i IQ mellom forskjellige folkegrupper spesielt. I innlegget "IQ, rase og nasjoner" tek Øian for seg Lynn/Vanhanen, som i boka "IQ and the Wealth of Nations", meiner å bevise at det er ein årsakssamanheng mellom gjennomsnittleg nasjonal IQ og velstand. Sidan eg ikkje har lese boka, vil eg ikkje meine noko om ho. Men eg har ei lita bok av sosialøkonomen John Kenneth Galbraith (1908-2006), "Jordens fattigdom", som kom ut for ca 30 år sidan, der han prøver å finne årsakene til og mulege botemiddel mot masse-fattigdom. Somme vil sikkert meine at Galbraith og tankane hans er utgått på dato, men problemstillinga er iallfall evig aktuell, og somt i boka har også betydning for den aktuelle diskusjonen.

Galbraith startar med å imøtegå to vanlege forklaringar på fattigdom:
1. Mangel på naturressursar. Viss dette var avgjerande, ville både Japan, Taiwan og Israel ha vore fattige, for ikkje å snakke om Hong Kong og Singapore. Og blant statane i USA er West-Virginia, med store naturressursar, mellom dei fattigaste, medan Connecticut, med få, er blant dei rikaste.
2. "Feil" økonomisk system. Sosialistar meiner griske jordeigarar og kapitalistar held folk nede i fattigdom, medan ein på høgresida påstår fattigdomen kjem av mangel på fritt næringsliv, fri konkurranse og opne marknader. Som "bevis" for at både fattigdom og velstand kan skapast under ulike system, viser Galbraith til både asiatiske og europeiske land. India "preika" sosialisme, men praktiserte ekstrem kapitalistisk utnytting av dei fattige. Det den gong kommunistiske Kina greidde seg betre, for ikkje å snakke om kapitalistiske Hong Kong, Taiwan og Singapore. Fellesnemnaren her var den kinesiske fliden. Og såg ein på Aust-Europa, kunne ein i 1880 rangere land/område etter rikdom i slik rekkjefølgje: Tyskland, Bøhmen, Slovenia, Kroatia, Austerrike, Ungarn, Polen, Romania, Bulgaria, Makedonia, Montenegro og Kosovo. Hundre år seinare, på 1970-talet, var rekkjefølgja stort sett den same, trass alt som hadde hendt i mellomtida. Viktigare enn styresettet var såleis om vedkomande land/område høyrde til Austerrike-Ungarn (eller Tyskland) før 1914.

Når det gjeld to andre mulege årsaker til fattigdom, held Galbraith fram at dei ikkje berre er årsak til fattigdom, men også ei følgje av den same. Det er difor det er så vanskeleg å kome ut av fattigdommens vonde sirkel. Dette gjeld

  • Mangel på trena og utdanna folk, personar med teknisk erfaring og administrativt talent. Fattige land har ikkje råd til eit godt skulesystem, og utan industri vil ein også mangle fagfolk og leiarar med slik erfaring.
  • Ineffektivt og korrupt styresett, som også kan vere ei følgje av fattigdom. Berre ei regjering med gode finansar kan tilsetje kvalifiserte personar, som kan gjennomføre reformar og handheve disiplin utan å skjele til eiga lommebok. Og fattigfolk utan utdanning som må bruke all sin energi på å overleve frå dag til dag, er heller ikkje i stand til å ta til motmæle mot overmakt og overgrep.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS