Anonym donasjon, surrogati og "Tore på sporet".

På den eine sida jaktar folk over heile landet etter sine gentiske røter. På den andre sida går debatten om rett til anonym donasjon av sæd og egg.

Publisert Sist oppdatert

Me lever i ei tid full av motsetnader. Dette gir seg og tydelege utslag i samfunnsdebatten. I desse dagar samlar ca. 1,2 millionar menneske seg ved fjernsynsskjermen kvar søndagskveld for å fylgja programmet ”Tore på sporet”. Der blir me vitne til menneske som er på intens jakt etter sine røter og sitt opphav. Stor oppslutnad har også serien ”Vet du hvem du er?”

Me får presentert personar og lagnadar som til fulle viser kor utruleg viktig det er å få vita kven ein er, kor ein kjem frå og kven som er dei viktige personane i livet. Problemstillinga er velkjent alt frå skodespelet ”Vildanden” av Ibsen, og det er ei problemstilling underskrivne kjenner vel til frå arbeidet som psykiater. For somme er det ein avgjerande føresetnad for å koma vidare i livet at dei får vita kven dei er og kor dei kjem frå.

Parallelt med dette har me gåande ein debatt om sæd-donasjon, egg-donasjon og surrogati. Ein del av debattantane er openbert av den meining at spørsmålet om barnets rett til å kjenna til sitt opphav, bør kunna vika for vaksne sitt sterke ynskje om å få born. Borns behov for å få kunnskap om dette feltet blir vurdert som mindre viktig. Me dette behovet er ivaretatt både i Barnekonvensjonen og Den Europeiske Menneskerettserklæringa.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP