Å knekka modige kristne
RUSSLAND: Mobbing, bøter, yrkesforbod og fengsel ventar russiske prestar som vågar å protestera mot Putins brutale krig i Ukraina.
ORTODOKS: Patriark Kirill, som er øverste leder for Den russisk-ortodokse kirke, vektlegger det nære forholdet mellom russere og ukrainere. – President Trump påstår at han kjempar for undertrykte kristne. Men han vil tydelegvis ikkje vita korleis den autoritære partnaren hans, Vladimir Putin, og patriark Kirill gjer alt dei kan også for å knekka modige kristne, skriv Johannes Morken.
Alexander Nemenov
På eit prestemøte i Den russisk-ortodokse kyrkja valde patriark Kirill, den øvste leiaren , å latterleggjera ein prest som kritiserte alliansen mellom kyrkja og Kreml. Det viser ein lekka video som avisa Moscow Times har publisert.
Moskva-patriark Kirill har spelt ei svært viktig rolle i å legitimera krigen mot Ukraina, ein krig han har kalla «heilag». På eit prestemøte 12. februar sa ein prest rett ut til patriarken at han er usamd i «den patriotiske trenden i kyrkjelege relasjonar. Oppgåva for ein prest er å leia folk til himmelens kongedøme og ikkje engasjera seg i patriotisme».
Patriark Kirill svarte skarpt – ved å spørja om presten «tilfeldigvis er frå vestlege Ukraina». Kirill hausta latter og applaus då han spotta den kritiske presten. Så heldt han fram: «Gå og sett deg ned, og tenk seriøst gjennom det du nettopp har sagt».