No kjem det fleire asylsøkjarar - mange frå Syria
SØKJER ASYL: Rekordmange flyktningar og migrantar kjem til Europa. No finn stadig fleire vegen til Norge og søkjer asyl.
ASYL: Flyktningar som søkjer asyl i Norge kjem til Nasjonalt mottakssenter i Råde i Østfold.
Javad Parsa
Toppåret var 2015. Over ein million flyktningar og migrantar tok seg inn i Europa. Over 30.000 søkte asyl i Norge. Aldri tidlegare hadde så mange bedt om vern her i landet.
Hausten 2023 er tre trendar synlege i tala frå norsk utlendingsforvaltning og EUs grensevaktbyrå:
- Rekordmange flyktningar og migrantar kjem til Europa, melder Frontex.
- Stendig fleire reiser nordover i Europa og ber om vern i Norge, opplyser Utlendingsdirektoratet (UDI).
- UDI bur seg på at så mange som 10.000 søkjer asyl i Norge i år – og planlegg for nær 5.000
- Talet på ukrainarar som kjem til Norge aukar no kraftig, viser ferske UDI-tal: 58.000 ukrainarar har søkt asyl sidan februar i fjor. Berre siste veke søkte nesten 1.500.