Nyheter

Sameleiar ville ha ein annan biskop

Samisk-kunnskapane var viktige då Olav Øygard vart utnemnd til biskop.

– Det blei lagt for stor vekt på dette, seier leiaren i Samisk kyrkjeråd, Anne Dalheim.

– Eg ønskte at Herborg Finnset skulle bli biskop, seier ho.

Kyrkjerådet, som fungerer som Den norske kyrkja sitt storting, vedtok torsdag at Olav Øygard no skal bli biskop i Finnmark og Troms. Øygard fekk åtte stemmer i voteringa i Kyrkjerådet, medan den sterkaste motkandidaten Herborg Finnset fekk sju.

LES MER: Olav Øygard blir ny biskop i nord

Snakkar samisk

– Det var ingen enkeltargument som vippa valet av biskop i Olav Øygard sin favør. Det var den samla vurderinga av kompetansen hans og bakgrunnen hans, seier Svein Arne Lindø, leiar i Kyrkjerådet.

Lindø framhever Øygards mange år som prest i Finnmark og leiarerfaringane han har frå å vere prost som viktige eigenskapar ved 57-åringen. Nordlendingen har dessutan inngåande kjennskap til samisk kyrkjeliv og snakkar godt nordsamisk, legg Lindø til.

– Det har blitt lagt litt for stor vekt på Øygard sine samiskkunnskapar. Samtidig har det blitt lagt for lita vekt på at Herborg Finnset kjenner det sjøsamiske miljøet, sidan ho har budd på Senja. Ho snakkar òg litt samisk, seier Anne Dalheim i Samisk kyrkjeråd.

LES MER: Vil ha biskop som taler samisk

– Undervurderte Finnset

Dalheim er tydeleg på at ho er glad Øygard vart vald når det først skulle bli ein mann.

– Men vi er verkeleg ikkje nøgd med at kyrkja raderer ut kvinnene. Nei, det likar vi verkeleg ikkje, seier den tidligare SV-politikaren og viser til at berre tre av tolv biskopar no er kvinner.

Lindø svarer at han sjølvsagt er kjent med Finnset sin samisk-kompetanse.

– Men fleirtalet meinte at samla sett har Øygard høgare samiskkunnskapar, svarer Lindø.

LES MER: Kirkerådet har ikke gjort jobben sin

Gjorde inntrykk

Kyrkjerådsleiaren fortel at Øygard gjorde eit veldig godt inntrykk då rådet skulle møte bispekandidatane.

– Vi møtte ein veldig mild og raus person, og ein som tåler meiningsmotstand. Øygard utsletter ikkje sine eigne meiningar i møte med dei som har andre synspunkt enn han, men legg vekt på at folkekyrkja skal vere brei og at det er trua på Jesus som samlar oss.

Lindø seier også at Øygard stod fram som ein svært motivert kandidat med eit tydeleg ønske om å bli biskop, i tillegg til at han hadde tenkt gjennom følgjande av å bli det.

– Det er ikkje noko eg seier mot dei to andre kandidatane, for vi merka også at dei var motiverte.

LES MER: – Jeg kjenner meg ydmyk og litt shaky

Utan stemmerett

Dalheim uttrykker sterk misnøye med at Samisk kyrkjeråd ikkje får uttale seg i Kyrkjerådet når det kjem til valet av biskop. Til vanleg har ein representant frå Samisk kyrkjeråd tale og forslagsrett på kyrkjerådsmøtene.

– No var det folk i Troms og Finnmarks som skulle få ny biskop, neste år er det Nordland, og etter der igjen er det Nord- og Sør-Trøndelag. Dette er dei nordligaste fylka i landet der samar kjem i frå, og då må vi få vere med å stemme.

Lindø forstår kritikken.

– Vi følgjer det regelverk som gjeld, men eg forstår det engasjement Dalheim har, særlig for dei tre nordlige bispedømma. Derfor er det fint at det i hausten blir anledning til å drøfte dette.

LES MER: – Det er klart jeg er skuffet

LES MER: Tre utnevnelser – tre menn

LES MER:  – Vi er skuffet over trenden

LES MER: Ny biskop: Vi må gjøre kirken mer attraktiv

LES MER: 'Jeg er ikke av de mest bombastiske'

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter