Nyheter

Ristar på hovudet over sjukdomspåstandar

Både kristne og muslimske teologar meiner nevrologane har svake argument.

– Provoserande, seier imam om påstanden om at profeten Muhammed hadde epilepsi.

– Dårleg argumentasjonsmetode, seier kristentopp om at Paulus hadde hjernesjukdom.

LES OGSÅ: – Hjernesjukdom gav Muhammed og Paulus syner

Vanleg syn

Anne Runehov er professor i religionsfilosofi ved Universitet i Uppsala. Ho har skrive boka Sacred and Neutral der ho tek for seg samanhengen mellom sjukdom og religiøse opplevingar.

– Det ser ut som at desse nevrologane har eit veldig reduksjonistisk syn på andelege og religiøse opplevingar. Dei er ikkje åleine om å meine at religiøse opplevingar kjem på grunn av ein hjernesjukdom eller hjerneskade, seier Runehov.

I boka skriv ho at synet om epilepsi som årsak for religiøse opplevingar er blant den mest vanlege nevrologiske teorien. Runehov konkluderer med at ein kan gi naturvitskapelege forklaringar på folks religiøse opplevingar, men at det ikkje utelukkar andre forklaringar. Enkelt forklart kan ein epileptikar ha opplevingar som vedkommande trur er openberringar frå Gud utan at dei er det. Men ein annan person kan likevel ha ei tilsvarande oppleving som faktisk er ei openberring frå Gud, meiner professoren.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Plukkar vekk motargument

Atle Ottesen Søvik er professor ved Menighetsfakultetet. Han har jobba med hjerneforsking og fri vilje, og følgt med på debatten om «nevroteologi». Søvik meiner at Stien og Nakken har eit grunnleggjande problem.

- Dei må enten godta det ­bibelteksten seier eller ikkje. Om det godtek det Bibelen seier,­ er teorien deira feil, sidan det står i Bibelen at også personane­ ­saman med Paulus såg lyset ­eller høyrde­ ei stemme då han møtte­ Jesus i eit syn på vegen mot ­Damaskus, seier Søvik.

Dersom nevrologane ikkje godtek at forteljingane i Bibelen er rette, kan dei like gjerne seie at Paulus ikkje såg noko lyse eller høyrde noko stemme. Det dei gjer er å plukke ut det som stemmer overeins med teorien deira, og ser vekk frå alt det ­andre, meiner Søvik.

– Og med ein slik metode kan ein hevde kva som helst.

Religiøs hjerneforsking

Søvik viser til hjerneforsking som visert at hjernen kan bli stimulert slik at folk trur dei ser englar eller får eit overnaturleg syn. Samtidig kan ein også stimulere hjernen til å tru at folk ser for eksempel fargen raudt.

– Men denne «triksinga» med hjernen utelukkar ikkje at folk kan ha reelle opplevingar der dei ser englar eller fargen raudt, seier Søvik.

– Merkeleg påstand

Senaid Kobilica er hovudimam i den bosniske moskeen i Oslo og tidlegare leiar i Islamsk Råd Norge.

– I alle skriftene som vi har etter profeten Muhammed, så står det ikkje noko om at han sleit med sjukdom. Difor er det provoserande at desse nevrologane spekulerer i dette.

– Det står at Muhammed sveitta og rista då han mottok bodskap frå Gud?

– Profeten gjorde det. Men det var ekstremt krevjande for han å ta imot desse bodskapane­ frå Gud, så det betyr ikkje at ­Muhammed hadde epilepsi. Det er merkeleg å høyre om slike påstandar.

Skribent og lege Mohammad Usman Rana er for tida på reise i utlandet, men svarer følgjande på påstandande i ei tekstmelding:

– Eg synes det er spesielt med legar som driv med fjerndiagnostikk, spesielt med historisk fjerndiagnostikk. Det er noko lite audmjukt å meine at kristne og muslimar som utgjer kanskje tre-fire milliardar menneske, trur på religiøse skikkelsar som ikkje var friske og bidrog til sine religionar utifrå hjernesjukdom.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter