Nyheter

Om å leve med sjukdom

Karsten Isachsen vart tildelt Petter Dass-prisen i 2014. Les vårt openhjartige intervju med prisvinnaren.

Denne artikkelen stod på trykk første gang 17. november 2014.

– Eg vil ikkje vinne Petter Dass-prisen, for då kan eg ikkje bli nominert til neste år. Det hadde vore eit tap å ikkje bli foreslått på nytt, noko eg har blitt kvart år omtrent dei siste 20 åra, nærast kåserer Isachsen.

Det brenn godt i peisen i den lyse stova på Eivindsplass fjellgard utanfor Geilo. Presten, foredragshaldaren og forfattaren Karsten Isachsen byr på ureist aure. Han er ikkje heilt i slag. Litt vaklete og utan lisser i skoa set han seg ved spisebordet.

– Hadde eg fått valt ein sjukdom, så hadde eg valt denne nyresvikten. For det første er den smertefri, og for det andre blir eg heilt frisk att når eg får ei ny nyre. Eg satsar på ti yrkesaktive år til.

LES OGSÅ: Karsten Isachsen får Petter Dass-prisen 2014

Salstoppen

Med godt over ein halv million selde eksemplar er han Norges mest leste oppbyggjingsforfattar i nyare tid.

– Det er då litt moro det då, kommenterer han.

Dei siste 20 åra har han drege inn ein god million kroner per år på foredragsverksemd og boksal.

Men det siste året har pengestraumen minka grunna sjukdom.

– Men ikkje skriv at det er heilt stogg, eg kan halde eit foredrag i veka.

Pengane har han i alle år brukt til å byggje opp sin eigen fjellgard der prestar og andre kan kome for å samle krefter, ete godt og samtale framfor peisen. Livsprosjektet har likevel ikkje lønt seg økonomisk.

– Utbyggjinga har skaffa meg ti millionar kroner i gjeld. No er eg 70 år og har mista mykje av helsa. Men eg er ikkje deprimert og hadde gjort det same på nytt, seier Isachsen.

To liv

For tida må han bruke fire dagar i veka til å reinse blodet på Hallingdal sjukestugu. Ny nyre vonar han er på plass før sommaren.

– Eg lever eitt liv på sjukehuset og eitt her. Sjukdommen halverer alle kroppslege funksjonar. Det inkluderer hovudet, seier han og viser til dårlegare minne.

Men snakketøyet er framleis i orden. Mykje på grunn av dette var Isachsen lenge ein av landets kjendisprestar. Han fekk både sine byggjestridar og pendlarfrådrag omtalt i riksmedia.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Mediaflukt

– Eg hata ordet kjendisprest og måtte halde meg vekke frå media i omtrent 20 år for bli kvitt det. Men no er det berre dei over 50 som veit kven eg er, så då er det enklare. Det er dessutan kjekt å kjenne at det bles litt att.

– Du har gitt hundervis av intervju, men det kan virke som om du leverer setningar på autopilot. Har vi journalistar eigentleg nokon gong nådd heilt inn til deg?

– Det er ei fantastisk mekanisme for å verne seg i det. Eigentleg får eg vere i fred utan at folk forstår det.

– Du svarar humoristisk og avvæpnande når du blir spurt?

– Ja. Det er ein fantastisk gøymestad der eg kan leve i evig fred. Men det viktigaste for meg er at eg er omgitt av uhyre verdifulle menneske. Og der skjer dei gode samtalane. Dei siste tre åra har eg arbeidd mykje med at eg vert så irritert, eit tema som er noko eg tek opp i mange av foredraga mine. No er eg berre irritabel på nokre få område.

– Kva kunne eg spurt om for å irritere deg?

– Det røper eg ikkje. Du har ikkje mykje sjanse, men mogleg er det sjølvsagt.

LES OGSÅ: Isachsen: 'Jeg vil ikke tie om abort lenger'

– Oversett av far

Auren er fortært, og desserten har kome på bordet. Isachsen strevar med å få fruktbitane i skåla oppå skeia. Han må ta ein pause.

– Har du alltid vore ein humørfylt type?

– Ja, men eg vart aldri godkjent som humorist i min eigen familie. Av oss fire søskena sette far min meg nederst på lista. Det har vore ei ganske stor smerte i livet, faktisk. Til dømes fekk alle brørne mine prøve seg i fabrikken hans. Alle ga seg etter kvart, men eg fekk aldri sjansen til å prøve meg.

– Du har uttalt at meininga med livet er å la seg elske.

– Ja. Det er godt sagt.

– Hadde du sjanse til å la deg sjølv bli elska på heimebane av far din?

– Nei, no byrjar du å gå ganske djupt inn i tinga her. Det eg kort kan seie, er at far min var eit fabelaktig godt menneske som vart halden høgt i ære og elska av mange. Men akkurat på heimebane med son nummer tre fungerte det ikkje så godt. Det kan skje.

LES OGSÅ: Misjonsledere ut mot Isachsen om kirken og homofili

Ikkje homofil

– Har denne erfaringa gjort det vanskelegare for deg sjølv å la deg bli elska?

– Det har eg ikkje tenkt over. Men eg har valt å leve livet mitt åleine. Det betyr at den tettaste kjærleiken manglar. Men eg har veldig mange gode vener som er glade i meg, og eg er glad i mange menneske. Kjærleikskvoten er difor til stades.

– Du har i mange år tala dei homofile si sak i kyrkja. Er du sjølv homofil?

– Nei. Og det har heller ingen spurt meg om før.

– Er det frekt å spørje om det?

– Det ville vore det i ein del samanhengar sidan det er ytterst personleg, men dette intervjuet skal gå litt under huda.

LES OGSÅ: Takker Isachsen for homoinnlegg

Bibelhol

Men sjølv om presten og forfattaren har 36 bøker på samvitet, har han aldri lese heile Bibelen.

– Eg har gøymt vekk ein del av breva i Det nye testamentet, og i Det gamle testamentet er det store flak eg ikkje har lese. Eg er så overvelda over det eg har lese til no at eg ikkje klarer å ta inn nye store porsjonar.

– Er det ein måte å vere folkeleg på?

– Ja, du har eit poeng. Folk flest har ikkje lese heile Bibelen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter