No vil fire bli prest i Gulen
I vår ville ingen bli prest i Gulen. No har to menn og to kvinner meldt seg.
Idylliske Skjerjehamn i Gulen har blitt eit nytt trekkplaster for turistar og brurepar. Par står i kø for å gifte seg her. No får dei truleg også prest.
Marit Hommedal
– Eg er veldig glad for at vi får søkjarar no, seier prost Geir Sørebø.
«Her skal eg berre søkje, altså», tenkte Karla Haugevik då ho leste i Vårt Land at Gulen manglar prest.
Ho studerer leiingspsykologi i Bergen og ynskjer å søkje på ei stilling i nærleiken av byen. Då ho såg utspelet frå sokneprest Jarle Veland om at han tek jobben viss han får toppløn på 692 000 kroner året for å halde to hushaldninger og pendle frå Bergen, fann ho fram søknadsskjemaet.
Bestill abonnement her
KJØP