Nyheter

No kan du tørke deg bak med bibelvers

Lambi visste ikkje at «Kjærleiken trur alt» er frå Bibelen.

– Dette toalettpapiret sel godt. Det blir selt i Sverige, Danmark og Norge, fortel Christina von Trampe, marknadsføringsansvarleg for Lambi.

På telefon frå Sverige fortel ho om kampanjen Lambi hadde i haust, der konsumentar via Facebook sende inn korte tekstar om kjærleik. «Dei finaste og mest nøytrale» prydar no dorullar i skandinaviske heimar.

– Tanken er at sitata ikkje skal støyte nokon, men vere koselege, fortel Christina von Trampe.

Blant sitata som hamna på dorullane er dei danske tekstane:

«Kærligheden tror alt, håber alt, udholder alt» og «Der hvor din skat er, der vil dit hjerte også være». Dette er bibelvers henta frå 1. Korintarbrev kapittel 13 og Matteus-evangeliet kapittel 6.

– Smaklaust. – Hæ? Dette er dårleg smak og manglande respekt. Bibelvers har ingen ting på ein dorull å gjere, seier Laila Riksaasen Dahl, biskop i Tunsberg.

– Forståinga og erfaringa med kva som er heilagt er vekke når du blir tilbydd å tørke deg i rumpa med Guds ord, seier Ragnhild Aadland Høen, katolikk og kateket.

DISKUTER: Diskuter saken på bloggen til Ann Kristin van Zijp Nilsen

– Bør vite. Men ikkje alle synes dette er støytande. Direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, seier det er store skilnadar i folket for kva som er heilagt.

– Det er stor forskjell på kva folk tolererer. Du vil få veldig ulike svar på om det er greitt å nytte denne dorullen, seier Vonen.

– Burde Lambi vite at dette er bibelsitat?

– Heilt klart. Spesielt sitatet «kjærleiken trur alt, håpar alt, toler alt». Det andre frå Matteus-evangeliet er ikkje fullt så kjent.

Koransitat neste? Tidlegare generalsekretær i Islamsk Råd Norge, Shoaib Sultan, synes ikkje det hadde passa med koransitat på dorullen.

– Det ville vore like feil som bibelvers på toalettpapir.

– Hadde det blitt bråk og opptøyar?

– Eg vil ikkje spekulere i det, men ein kan lett tenke seg det.

– Nei takk. Ingen av dei Vårt Land har intervjua vil sjølve bruke bibeldopapiret.

– Det kjendes litt feil for min del, seier kommunikasjonsleiar i Areopagos, Ann Kristin van Zijp Nilsen.

Etter å ha blitt overraska på doringen, skreiv ho eit innlegg på Verdidebatt.no om at Lambi kan tenke seg betre om neste gong dei vel dorullvers. Ho trur likevel mange kristne opplever dette som uproblematisk, sidan dei truleg ikkje ser påskrifta som heilag reint fysisk. Ho mistenker også Lambi for å ikkje vite kvar sitata er frå.

– Spør Google neste gong, oppfordrar ho.

Visste ikkje. Christina von Trampe, marknadsføringsansvarleg for Lambi, seier at ho ikkje visste kor sitata «Der din skat er, der vil dit hjerte også være» og «Kærligheden tror alt, håber alt, utholder alt» kjem frå.

– Dei er i frå Bibelen. Kva tenker du om det?

– Spontant tenker eg at det er fine sitat, men at vi kanskje burde skrive at det var eit bibelsitat.

– Fleire vi har snakka med synes det er upassande å tørke seg bak med Guds ord?

– Dersom nokon er veldig religiøs, forstår eg at dei opplever det upassande. Eg beklagar vår uvitingskap. Hadde vi visst dette, hadde vi ikkje trykt det på dopapiret, seier von Trampe.

DISKUTER: Det skal meir til enn nokre dorullar før me blir fornærma, sinte eller lar boikottviljen ta overhand, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen. Bli med i debatten!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter