Misjonskonferanse trudde på 1.000 deltakarar - har fått 200 påmelde

Det skulle bli ei stor misjonssamling i Stavanger og Sandnes. No må arrangøren kutte i programmet og forlenge påmeldingsfristen.

– Det var ikkje alle som forventa tusen deltakarar, men vi hadde forventa fleire enn dei dryge 200 som er påmeld, seier Knut Refsdal som er generalsekretær i Norges kristne råd. Misjonskonferansen blir arrangert i slutten av månaden i Stavanger og Sandnes.
Publisert Sist oppdatert

«1.000 deltakarar er venta», proklamerte arrangøren i fleire aviser og på nettsider før sommaren. Men det som skulle bli Noregs største misjonsfestival har så langt berre fått litt over 200 påmelde.

Forsøkte å samle alle

Norsk råd for misjon og evangelisering (Norme) og Norges kristne råd er arrangørar av konferansen. Desse paraplyorganisasjonane håpa på å samle så godt som heile breidda av kyrkjer, misjonsorganisasjonar og kristne rørsler i Noreg til konferanse.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP