Nyheter

Høgtidsparadokset

Tidlegare domprost Olav Dag Hauge vil fjerne fleire kristne høgtidsdagar. Ein særdeles dårleg idé, meiner LO.

Det er vår i lufta, og langhelgane lyser mot oss i kapp med sola. Få andre land opererer med så mange fridagar under religiøse høgtider som Noreg. Både skjærtorsdag, 2. påskedag, Kristi himmelfartsdag, 2. pinsedag og 2. juledag er raude i kalenderen her til lands. Vi får ein ekstra dag på hytta, eller ein dag å kome seg heim frå ferie på. Men treng vi det?

– I mi tid som generalsekretær i Presteforeininga (1986-1994, red.anm.), foreslo eg at ein fekk ei veke fri i staden for tre andredagar, Kristi himmelfartsdag og skjærtorsdag. Forslaget var ikkje på vegne av foreininga, men som mi personlege meining, skriv tidlegare domprost Olav Dag Hauge, som er på ferie i Jordan, i ei tekstmelding til Vårt Land.

Hauge har fleire gongar gjenteke ideen, og han står framleis ved den.

Treng tida saman

Hjå LO fell ikkje forslaget i god jord.

– Det er vel inga overrasking at eg synest det er ein særdeles dårleg idé, seier forbundsleiar i LO Handel og kontor, Trine Lise Sundnes.

– Kvifor synest du det?

– Vi lever i eit samfunn med høgt tempo. Då har vi behov for den tida vi har, saman. Til å roe litt ned og lade batteria, meiner Sundnes, som sjølv brukar desse høgtidsdagane på hytta med familien sin.

Ho trur mange nordmenn føler dei treng desse fridagane. Spesielt dei som har litt mindre å rutte med.

– Det er ein klassedimensjon over dette. Høginntektsgruppene har råd til å ta seg fri. Men den vanlege kvinna og mannen i gata er avhengige av at vi har desse fridagane. Dei byggjer ned forskjellar i samfunnet, meiner Sundnes.

LES RUNDSPØRJING: – Eg har nok fri på sommaren

– Verdt å sjå på forslaget

Olav Dag Hauge meiner derimot at forslaget hans kan imøtekome ynskje frå andre religiøse samfunn i Norge i dag, som gjerne vil ha fri på sine eigne høgtidsdagar. Det er Ingrid Rosendorf Joys delvis einig i. Ho er katolikk og leiar av Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL).

– Religiøse fridagar har ein tydnad, så vi kan risikere å miste noko ved å fjerne dei, seier ho.

Samtidig trur ho ikkje det er andredagane som er viktigast for dei som har ei sterkt forhold til påske og pinse.

– Eg hadde ikkje greidd å hisse meg opp over at 2. påskedag skulle forsvinne som høgtidsdag. 2. juledag er annleis, for det er ei så viktig familiehøgtid for mange, meiner Joys.

I dag gir trussamfunnslova rett til to fridagar for alle som ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja, som kan nyttast til andre religiøse høgtider. Dette gjeld arbeidstakarar og elevar på vidaregåande skule.

Joys meiner dette ikkje er nok. Ho har tidlegare tatt til orde for ein «høgtidsdagspott», der kvar enkelt kan ta ut fri under sine eigne høgtider, tilsvarande dei kristne høgtidsdagane elles i året.

– Det er vel noko av det same som Hauge foreslår?

Ja, eg meiner pottar er ein god idé. Det betyr ikkje nødvendigvis at ein skal ta av dei kristne fridagane. Men samtidig så må ein finne gode løysingar, for at minoritetar også kan få fri på sine dagar. Så forslaget frå Hauge er verdt å sjå på, meiner ho.

– Arbeidslivet fungerer ikkje slik

– Korleis trur du nordmenn ville reagert om desse fem høgtidsdagane var omgjort til vanlege arbeidsdagar?

– Om folk mistar fridagar, så vil dei ikkje like det. Men om dagane vart fleksible, så trur eg det ville gått ganske greitt, seier Joys.

Trine Lise Sundnes i LO trur derimot at folk ville reagert med vantru.

– Ideen om å gjere høgtidsdagane til fleksible fridagar kan høyrest smart ut, men mekanismen i arbeidslivet fungerer ikkje slik, seier ho.

– Det er sjølvsagt positivt at ein kan sjonglere litt, og mange av våre medlemmar er i dag omfatta av fleksitidsavtalar. Men vi ser at det er svært vanskeleg å ta ut dei opparbeida timane. Det handlar mellom anna om at vi har eit svært effektivisert arbeidsliv og høgt tempo.

LES OGSÅ: Slik ble påsken en kristen høytid

Paradoks

Silje K. Bjørndal, stipendiat ved Menighetsfakultetet i Oslo, tykkjer det er underleg og eit paradoks at nokon innan kyrkja skal vere talsmann for å ta vekk høgtidsdagar.

– Eg tenker på høgtidsdagane som ein del av den kristne livsrytma. Det har vore ein tendens til å tenke på kristendom som berre kva ein trur på. Men dette heng saman med ein livsstil, kor høgtidene er ein del av livsrytma, seier ho.

– Kyrkja burde heller vise kva som er verdien i desse dagane. Det handlar om å følgje Jesus og disiplane gjennom høgtidas hendingar.

Ei undersøking gjennomført for Vårt Land i fjor viste at tre av fire nordmenn ikkje veit kvifor vi feirar pinse. Tidlegare domprost Hauge har uttalt til Aftenposten at fleire høgtidsdagar har utspelt si rolle.

– Er du einig i det, Bjørndal?

– I realiteten har dei nok mista tydnad for mange. Det heng nok saman med den generelle nedgangen i kristendomskunnskap og kyrkjetilhøyrsle her til lands.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Familieverdiar

Forbundsleiar Sundnes i LO trur heller ikkje at mange tenkjer igjennom den opphavlege tydnaden til høgtidsdagane. Ho trur sjølv at ho har ei tilnærming til dagane som dei fleste andre.

– Desse høgtidsdagane handlar meir om den kristne kulturarva enn ei tilnærming til kyrkja. Eg har tidlegare fått kjeft for å seie at vi i Noreg har ein kristen kulturarv, men det er jo ein realitet, seier Sundnes, som legg til at ho ikkje er veldig religiøs sjølv.

– Både påska og pinsa er for meg ei tid for å verne om familieverdiar, først og fremst. Men det er kanskje eit resultat av den kristne kulturarven, då!

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter