– Hjernesjukdom gav Muhammed og Paulus syner

Både apostelen Paulus og profeten Muhammed fekk sine openberringar på grunn av epilepsi eller migrene, meiner norske spesialistar i nevrologi.

Ragnar Stien er professor emeritus i nevrologi og er oppteken av korleis nervesjukdom har påverka historia. – Det finst handfaste bevis, og blant mine favoritteksempel er apostelen Paulus, seier han.
Publisert Sist oppdatert

– Eg er bombesikker på at hjerne­sjukdommar har påverka historia, seier Ragnar Stien som er professor emeritus i nevrologi ved Universitetet i Oslo.

Han meiner at epilepsi og migrene var eit viktig bidrag for at islam og kristendom blei store verdsreligionar.

I februar gjekk startskotet for hjernens år i Europa, noko som blei markert på Universitetet i Oslo. Blant arrangørane er Stien, som er oppteken av dei «handfaste bevisa på at nevrologien har påverka historia». Her viser han til Paulus og Muhammed.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP