Nyheter

Biskop seier nei til hund som brudepike

I forklaringa til avslaget viser Halvor Nordhaug til erfaringar med eigen hund.

– Hunden min alltid ulte høgt når den hørte song. Den ville openbart ta del i fellessongen, seier Halvor Nordhaug til bt.no.

Biskopen sine erfaringar tilseier at det er umogleg å vite korleis ein hund vil reagere i møte med kyrkjerommet, salmesongen eller eit orgel på full utblåsing. Det handlar ikkje først og fremst om teologi, men meir om å ta vare på den kyrkjelege handlinga sin verdigheit, seier den tidlegare hundeeigaren.

Dårlege argument. - Argumenta er litt dårlege. Det er lov å ta med småbarn i kyrkja, også i bryllaup. Hunden vår er som eit barn for oss, er allergivennlig og vant til å være blant menneske. Under vigselen ville han berre ha vore blant familie og venner som han kjenner frå før, seier brudgommen, som ynskjer å vere anonym overfor Bergens Tidene.

Brudeparet frå Bjørgvin bispedømme skreiv ein e-post til biskopen for å få hunden sin med i kyrkjevigselen. Paret forklarte at presten som skulle vie dei ikkje tillet at hunden deira var brudepike. Presten ga dei inga forklaring på sitt «nei», og dei håpte difor at Nordhaug ville leggje godvilje til. Paret argumenterte med at hunden er som ei familiemedlem. Difor ville det vere naturleg at hunden kunne gå inn i kyrkja bak bruda som brudepike.

 Kan vere allergiske. Nordhaug seier han synes det er fint at folk er knytt til hunden sin og vil ta den med i bryllaupsfesten, men ber om forståing for at presten ikkje kan seie ja til å ta med kjæledyra inn i kyrkja til gudsteneste, dåp og bryllaup. I tillegg kan kyrkjegjengarane vere allergiske mot dyr.

Leiar for kyrkjefagleg seksjon i Bjørgvin bispedømme, Tore Skjæveland, skriver i svaret sitt til brudeparet at han ikkje trur det er særlig lurt å la hunden være med under seremonien. Han peikar på at ein hund ikkje har same oppleving av eit bryllaup som menneske har. Den kan også ta merksemda vekk frå brudeparet.

– Opp til presten. Brudeparet har også skrive til Kyrkjerådet og stilt same spørsmål som han stilte til biskopen i Bjørgvin

- I svaret frå Kyrkjerådet blir det presisert at det ikkje er noko lov som forbyr å ta kjæledyr inn i kyrkjerommet. Men det er opp til presten å avgjøre om dyr kan være med, seier brudgommen.

Paret fekk også i svar at om dei ynskja å ha med hunden, kunne dei be ein annan prest som godtok at kjæledyr var med, om å gjennomføre vigslinga.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter