Politikk

Kjem flest frå Afghanistan

Dei blåblå leitar etter returtiltak. Knapt halvparten av afghanarane får opphald.

Når Vårt Land ser på kven som får ja på asylsøknadane, viser tala frå perioden januar-september store forskjellar på afghanarar og syrarar:

• UDI behandla 842 søknadar frå afghanarar – 484 fekk opphald, eller 57 prosent.

• UDI behandla 1.645 søknadar frå syrarar - 1.376 fekk opphald, eller 84 prosent.

LES OG SJÅ TABELL: Så mange har kome frå Balkan i år

Solberg-regjeringa leitar etter signaltiltak som skal stoppe afghanarar frå å reise til Norge:

– Vi ser på om vi kan gjere tiltak som stoppar dette. Det viktigaste med det vil vere å returnere nokon til Kabul, sa statsminister Erna Solberg i Stortinget onsdag.

Varslar hurtigprosess

UDI har gjeve statsministeren informasjon om kven dei er, dei mange som kjem inn i Norge frå Russland over Storskog i Finnmark:

– Mange av dei afghanarane som kjem over grensa på Storskog har opphalde seg i Russland i årevis, opplyste Solberg.

LES OGSÅ: Frp torpederer flyktningforlik

Ho varslar at regjeringa ønskjer å innføre ein hurtigprosess for desse. For såkalla grunnlause asylsøkjarar har UDI ein eigen 48-timarsprosess (sjå eiga sak).

Første fly ut

Arbeidarpartiet er også opptatt av å få sendt ut migrantar som tek opp plass i mottaksapparatet:

– Det som verkar er at ein får luka ut i Kirkenes dei som ikkje har rett på opphald i Norge og at ein får sett dei på flyet frå Kirkenes og ut av landet, seier stortingsrepresentant Helga Pedersen (Ap) til NRK.

Norges sendemann i Murmansk, generalkonsul Ole Andreas Lindeman, seier til NTB at mange av dei som no kjem inn i Finnmark, er migrantar med ei eller annan form for opphaldsløyve i Russland, eller eit opphaldsløyve som har gått ut – og har difor ikkje eit behov for vern i Norge.

Bygg heimlandet

Norge er ikkje åleine om å oppleve det same; sterk tilstrøyming av afghanske borgarar som søkjer asyl – og svært mange av dei er mindreårige gutar.

LES OGSÅ: For flyktningene er det krise, men ikke for oss

I Tyskland seier innanriksminister Thomas de Maizière at det er «uakseptabelt» at det er så mange afghanarar blant asylsøkjarane som no kjem til landet. De Maizière oppmodar unge afghanarar til å bli og byggje opp heimlandet.

Skifte i veke 44

Registreringane til Utlendingsdirektoratet (UDI) vister at skiftet kom i veke 44. Fram til då var det flest syrarar som søkte vern i Norge. Tilstrøyminga av syrarar eksploderte i august. I Juli søkte 633 asyl, månaden etter blei talet meir enn tredobla til 2.033. Og frå august til september blei talet dobla.

Så, i veke 44 søkte heile 817 afghanarar asyl, mot 664 syrarar.

I den ekstra flyktningmeldinga som Solberg-regjeringa har lagt fram, vil dei blåblå gje UDI 184 nye millionar slik at dei kan tilsetje 240 nye saksbehandlarar. Slik kan UDI raskare ta unna den veksande søknadsbunken.

Over havet

Mediebilete viser særleg syrarar på flukt frå heimlandet, gjennom Tyrkia og inn i Europa via greske øyar aust i Middelhavet. Oppdaterte tal frå International Organization for Migration (IOM) fortel at i perioden januar-september kom det 278.000 syrarar båtvegen til Hellas.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Langs den andre sjøruta til Europa, frå kysten av Nord-Afrika til Italia, kom det i same periode flest frå Eritrea og Nigeria.

Flest frå Balkan

Tyskland tek i mot absolutt flest av dei som trekkjer nordover i Europa. Men syrarane er ikkje i fleirtal, fortel forskar Lars Østby i Statistisk sentralbyrå (SSB) i ein fersk analyse av kven som er flyktningar Europa.

– Av Tysklands 262.000 asylsøkjarar i årets ni første månadar, var 25 prosent frå Syria. Frå tidlegare Jugoslavia og Albania kom meir enn 100.000 personar (40 prosent), dei fleste av desse vil truleg bli returnert raskast mogleg, skriv Østby.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk