Søk i Tilflukt

Søk  i  alt  innhold  på VL.no

Barn på mottak blir slitne av ventinga

Ventetida er det verste med å vere barn på asylmottak.

BILDER

Berit Berg har jobba med og forska på barn på asylmottak sidan slutten av 1970-talet. No er ho professor ved NTNU i Trondheim.

Foto: NTNU
Vis bildetekst
Seniorrådgjevar i UDI, Line Anlaug Seljord, er klar over at det ikkje er det beste å bu i mottak over lengre tid.

Foto: Nora Lie
Vis bildetekst

Barna som ventar

  • 3.549 einslege mindreårige og 5.847 barn med familie sit i norske mottak. Det er 8.396 barn totalt.
  • 682 av desse har fått opphald i Noreg og ventar på busetjing. 6.549 ventar på svar frå UDI.
  • 491 har utreiseplikt.
  • 908 barn med familie og 43 einslege mindreårige søkte om asyl for minst 12 månadar sidan. For 553 barn har det gått tre år sidan dei søkte om asyl.
  • Kjelde: UDI (tal for mars 2016)

– I mange tilfelle er situasjonen heilt uhaldbar. Det er svært krevjande for både barn og ungdom å vere i ein situasjon med så mange negative element. Dei fortel at dei er veldig slitne, fortel Berit Berg. Ho har jobba med og forska på barn på asylmottak sidan slutten av 1970-talet. No er ho professor ved NTNU i Trondheim.

Fleire ekspertar Vårt Land har snakka med meiner det har alvorlege konsekvensar for barn å bu på asylmottak. Utlendingsdirektoratet (UDI) meiner dei gjer så godt dei kan.

Mange ventar

Ventetida er noko av det verste med å vere barn på mottak, ifølgje Camilla Lauritzen. I 2007 leia ho eit prosjekt som skulle kartlegge barns psykiske helse i mottak i Nord-Noreg.

– Det er ekstremt vanskeleg psykologisk å vere i ein uavklart situasjon. Du får ikkje levd livet ditt, seier Lauritzen, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø.

Er ventinga like vanskeleg for born og vaksne?

– Som asylsøkjarar kan ikkje foreldra jobbe. Mange av dei er prega av situasjonen, noko som vil kunne påverke deira omsorgsevne for borna, seier Lauritzen.

Likevel trur ho ventinga kan vere endå verre for dei minste.

– Born har ikkje same evna til å sjå ting i eit langtidsperspektiv, og kan kanskje ikkje sjå føre seg at situasjonen deira vil endre seg.

LES MER: Han går på «blind date» med en flyktning

Lengre ventetid

I fjor sommar var det litt over 3.000 barn i norske mottak. Nå nærmar talet seg 9.000.

Seniorrådgjevar i UDI, Line Anlaug Seljord, er einig i at det ikkje er det beste å bu i mottak over lengre tid. Samtidig seier ho at opphald på mottak vil bli lenger framover i ei periode

– Dette er fordi det tek tid å behandle søknadane til dei nye som er komne, fortel ho.

Berit Berg trur lengre saksbehandlingstid kan bli ganske dramatisk for barn og unge som allereie har mista mykje. Fleire på mottak kan også ha andre konsekvensar.

– Utfordringa er dei nye mottaka. Der er det ikkje alle som er like rutinerte, fortel Seljord.

Då Dagbladet gjekk gjennom UDIs tilsynsrapportar i februar i år, kom det fram at somme asylmottak brukte mindre pengar enn det som var budsjettert til barn og unge.

– Kva gjer UDI i slike tilfelle?

– Mottaka kan få pålegg, og dei kan bli bedt om å rette det opp. Det er ein grunn til at vi har kontrollar, svarar Seljord.

LES MER: Dette er historien om hverdagsintegrering som fungerer

Viktig med aktivitet

Eitt av UDIs tiltak for å gjere tida på mottak så god som mogleg, er å gi tilskot til aktivitetar.

– I år deler vi ut 60 millionar til dette. Frivillige organisasjonar kan søke om midlar, forklarar Seljord.

– Kvifor gjer UDI dette?

– Dette er pengar vi får over statsbudsjettet. Formålet er at det skal normalisere kvardagen til borna og gi høve til aktivitet og læring. Det tenker vi er viktig for alle barn, seier ho.

I tillegg har UDI ei rekke program som er retta mot foreldre i mottak, der dei får innføring i norske reglar. Tilskot blir gitt til dei kommunane som tilbyr barnehage til dei i 4-5-års alderen.

LES MER: Hun ventet i fire år på familien sin

Går på skule

Alle ekspertane Vårt Land har snakka med, meiner det er svært viktig at barn i mottak kjem raskt i gang med skule og barnehage.

Dersom det er sannsynleg at eit barn skal vere i Noreg i meir enn tre månadar, har barnet rett til grunnskuleopplæring. Det har ingenting å seie om opphaldet i landet er lovleg eller ikkje.

Berit Berg ramsar opp tre grunnar for kvifor dette er viktig:

• Det skaper ei ramme rundt det å lære språket

• Det er med på å normalisere kvardagen

• Det er med på å sosialisere borna, og kan avlaste slitne foreldre som er bekymra for framtida.

– Det er viktig å kunne bidra til at barna får ein så normal oppvekst som mogleg, i ein unormal situasjon, seier Berg.

TILFLUKT: Les mer om flyktningers hverdag her

Gjer integrering lettare

Skulegang og barnehage gjer at barna lærer norsk i rekordfart. For foreldra er det derimot vanskeleg å delta i samfunnet. Dei blir gjerne først integrert når det er avgjort om dei får bli eller ikkje, ifølgje Lauritzen.

Vaksne har i dag rett på 250 timar norskopplæring. Det er lite i forhold til behovet, ifølgje Berg. Men ho trur kanskje det lettar situasjonen til foreldra at barna blir integrert.

– Dei er bekymra for kva situasjonen på mottaket påfører barna av smerte og bekymringar. Då hjelper det nok at barna har det bra på skule og i barnehage. Men det er unntaksvis at barna gjer integreringa lettare for dei vaksne, meiner ho.

LES MER: Her synger flyktninger og skoleelever sammen i kor

Forslag til forbetringar

I ein rapport frå Berg og kollegaene blir det kasta fram mange forslag til forbetringar for barn på norske mottak:

• Døgnbemanning i alle mottak.

• Aktivitetstilbod til både foreldre og barn.

• Sikring av drift av barnebasar på alle mottak med barnefamiliar.

• Barn på desentraliserte mottak må ha tilgang til aktivitetar.

• Gratis helsehjelp til barn og unge i mottak, uavhengig av status i saka deira.

• Kompetanseutvikling innan barnevernet.

Seljord i UDI har lese rapporten.

– Lukkast vi med å gi barn på mottak ein så normal kvardag som mogleg, Seljord?

– Vi er fornøgd med dagens situasjon. Det er vanskeleg å seie generelt sett at det er bra nok som det er, men også feil å seie at vi ikkje lukkast. Det er mange faktorar som spelar inn, som skule, fritidsaktivitetar og samvær med vener og familie, seier ho.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Lite endring

Ifølgje Berg har ikkje kvardagen til barn på mottak endra seg stort sidan dei første mottaka vart etablert på slutten av 1980-talet.

– Det er fleire barn på mottak no, men det har vore små endringar når det gjeld innhald og ressursar. Mange ventar i fleire år, og for barn er eit år lang tid, seier ho.

Ifølgje forskaren handlar det først og fremst ikkje om dei fysiske rammene, men om ein kvardag som manglar det barn flest ser som sjølvsagt.

ANNONSE

;