Nyheter

Tek 1.500 kvoteflyktningar frå Syria

Norge gjev 1.500 syrarar opphald neste år.

På overtid fekk KrF og Venstre budsjettgjennomslag for at Norge skal ta i mot 500 fleire kvoteflyktningar i 2015. Dermed kjem det 2.120 flyktningar som er plukka ut av FN til landet neste år.

I går blei Kommunalkomiteen på Stortinget samde om innretninga på kvoteuttaket:

– Norge skal ta i mot 1.500 flyktningar frå Syria i 2015, fortel Geir Toskedal, KrFs mann i Kommunalkomiteen.

LES OGSÅ: Fra Syria til St Hanshaugen

Frå leir i Irak

– Kva med dei siste 620?

– Det er sagt at Norge kan ta flyktningar frå Camp Liberty i Irak. Kor mange det blir, er ikkje avgjort, sier Toskedal.

Han understrekar at Norge også skal lytte til FN og kva grupper dei vil prioritere neste år.

LES OGSÅ: Ingen vil ha ham

Raudgrøne kriterier

– Kor mange sjuke syrarar skal Norge ta i mot i kvoten på 1.500?

– Det kan vi ikkje seie noko om no, men for KrF er ikkje sjukdom grunn til avslag.

Toskedal opplyser at utplukkinga av kvoteflyktningar neste år skjer med dei gamle raudgrøne uttakskriteria. I samarbeidsavtalen mellom Høgre, Fremskrittspartiet, Venstre og KrF fra oktober i fjor, fikk Frp inn et punkt som sier at Norge skal «prioritere kvoteflyktninger med størst sjanse for vellykket integrering».

– Dette kravet er ikkje bakt inn i uttakskriteria, seier Toskedal.

LES OGSÅ: – Vi har ikke blitt spurt, det reagerer vi på

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter