Klima

Støttar Tutus oljeboikott – kjøper oljeaksjar

– Vi har eit stort dilemma, seier Kirkens Bymisjon.

Kirkens Bymisjon støttar Desmond Tutus bøn om boikott av oljeselskap. Men for å få mest mogleg pengar til å hjelpe menneske som slit, investerer Bymisjonen i oljeaksjar.

– På den eine sida er det lett å stille seg bak Tutus bøn om at oljeselskap som ikkje vil gå over til fornybar energi skal boikottast. Men, og det er eit stort men; skal vi få best mogleg avkastning på midla vi forvaltar, for å kunne hjelpe flest mogeleg, må vi vere på børsen. Og når vi har valt å berre kjøpe aksjar i norske selskap, kjem vi ikkje utanom oljeselskap for Oslo børs er ein «oljebørs», seier økonomidirektør Per Bjørner Myrbostad til Vårt Land.

Tysdag fortalde Vårt Land at biskop Desmond Tutu, som var med på å vinne kampen mot apartheid-politikken i Sør-Afrika, no vil vinne klimakampen. Tutu vil bruke eit kjent anti-apartheid-våpen; boikott av oljeselskap som ikkje gjer det gode.

LES OGSÅ: Vil boikotte oljeselskap

Protest utan effekt

Kirkens Bymisjon er ein av dei store diakonale organisasjonane i Norge. Styret har avgjort at 20 prosent av organisasjonens midlar skal plasserast i aksjar – 49 millionar kroner.

– Vi selde oss ut av Statoil i fjor fordi vi ville protestere mot oljesandutvinninga deira.

– Kva var effekten av protestsalet?

– Han var svært liten. Statoil forstod ikkje kvifor vi gjorde det, elles fekk det ingen konsekvensar, seier Myrbostad.

I oktober samlast styret i Bymisjonen for å drøfte investeringspolitikken i organisasjonen, men Myrbostad trur ikkje utfallet av drøftinga blir å oppfylle Desmond Tutus boikottønskje.

– Bymisjonen er ein liten organisasjon. Våre investeringar i oljeselskap er små, så det har liten eller ingen effekt å gå ut.

LES OGSÅ: Tutu: Hevntanker gjør deg fysisk dårlig

Satsar fossilt

Når økonomidirektør Myrbostad ser seg rundt etter alternativ til oljeaksjar, ser han få:

– Vi kunne ha sett pengane i banken. Men DnB ville investert våre pengar i den globale økonomien som er sterkt prega av fossile selskap.

Myrbostad vil også problematisere boikott av oljeselskap i oljelandet Norge:

– Bymisjonen får millionar i statsstøtte, pengar som mellom anna kjem frå oljeinntekter. Skal vi boikotte oljeselskap med den eine handa og ta i mot oljetung statsstøtte med den andre? spør han.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima