Klima

Vil boikotte oljeselskap

– Vi har berre éin planet. Øydelegg vi han har vi ikkje fleire, seier biskop Desmond Tutu.

I dag er dei samla i New York. Over 120 stats- og regjeringssjefar deltek på FNs klimatoppmøte i New York. For første gong sidan toppmøtet i København i 2009 skal storparten av verdas politiske toppleiarar diskutere kampen mot klimaendringane. Blant dei frammøtte er også Norges statsminister Erna Solberg (H).

Biskop Desmond Tutu var også invitert til New York. Han skulle tale klimaets sak i møte med verdas leiarar. Han skulle ha lagt ansvaret tungt innover dei: De må handle no.

LES OGSÅ: Tutu åpner for å tilgi Breivik

Men Tutu er i Oslo for å snakke om tilgjeving og forsoning, tema som også kan knytast til kampen for å bevare jorda.

– De i Vesten er galvaniserte mot å ta inn over dykk klimaendringane som finn stad, seier den sør-afrikanske erkebiskopen til Vårt Land, og legg til:

– Vi som bur i afrikanske land står for tre prosent av klimautsleppa, men rundt 70 prosent av dei synlege klimaskadane finn du i Afrika.

Derfor kjenner Tutu på frimodet til å be statsleiarane som er samla i USA til å stå opp og ta ansvaret for ikkje å overforbruke kloden. Han pakkar ikkje inn bodskapen: Vi har berre ein planet – og øydelegg vi han har vi ikkje fleire.

LES OGSÅ: Tutu er i byen

Umoralsk system

I 1994 var Tutu med på å sende apartheid-politikken på skraphaugen: I Sør-Afrikas første frie val blei Nelson Mandela president. Svarte og kvite blei likestilte.

No vil Desmond Tutu bruke eit av våpna frå apartheid-kampen for å stoppe klimaøydeleggingane: Boikott.

Oljeselskapa som smurde apartheid-regimet med livsviktige oljeleveransar i tiår blei møtte med boikott. No bør oljeselskap som ikkje vil satse fornybart bli møtt på same måten, oppmodar Tutu i ein debattartikkel i britiske The Observer.

– Vi kan boikotte arrangement, idrettslag og medieprogram som blir sponsa av selskap som leverer fossilt brensel, skriv Tutu, og peikar på selskap som pumpar opp olje og som grev fram kol. Skal slike selskap få annonsere må reklamen deira bli utstyrt med helseåtvaringar.

Han oppmuntrar universitet, kommunar, stiftingar, bedrifter, og kulturinstitusjonar til å kutte band til fossilbrenselindustrien.

– Akkurat som vi i 1980 hevda at dei som dreiv forretningar med apartheid-staten Sør-Afrika ble medskuldige i eit umoralsk system, kan vi seie at ingen bør tene på stigande temperaturar og menneskeleg liding som følgje av forbrenning av fossilt brensel, meiner Tutu.

LES OGSÅ: Tutu møter dødshjelp-motstand

Overtale selskap

Når 82-åringen ser seg rundt, ser han grupper og einskildpersonar som krev handling, som støttar han i sak.

– Det er ei moralsk rørsle som no overtalar fossile selskap til å gå vekk frå ein forretningsmodell som truar vår overleving.

Tutu, som er ein moralsk autoritet mange låner øyra til, seier at verda må stoppe å mate suget etter fossilt brensel som om det alltid vil bli ein ny morgon.

– Som ei hastesak må vi starte ein global overgang til ein ny, trygg energiøkonomi.

LES OGSÅ: Biskop Nordhaug overrasket over Tutu

Fattige land

Vinnaren av Nobels fredspris frå 1984 meiner kvar og ein har ei plikt til å overtale sine politiske leiarar om å bli leia i ei ny retning; mot ei verd der fossilt brensel blir fasa ut.

– Å redusere kutte karbonutsleppa er ikkje bere naudsynt, det vil også vere rettvist, meiner Tutu.

For: Dei mest øydeleggjande verknadane av klimaendringane - dødelege stormar, hetebølgjer, tørke, stigande matvareprisar og klimaflyktningar - er mest synleg i fattige land.

– Afrikanarar, som slepper ut langt mindre karbon enn folk i nokon anna verdsdel, vil betale den stivaste prisen. Det er djupt urettvist.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima