Nyheter

‘Norge investerer i potensielt folkemord’

Indianarstammar som vil leve isolert blir trua av oljeleiting. Regnskogfondet forlangar at Oljefondet sel seg ut av i oljeleiting i Peru.

Daglig leiar Dag Hareide i Regnskogfondet krev handling:

– Finansdepartementet må instruere Oljefondet om å selje seg ut av oljeselskapet Repsol. Norge investerer i eit potensielt folkemord. Difor må fondet avslutte eigarskapet, og det raskt, seier han til Vårt Land.

Ved årsskiftet eigde Statens pensjonsfond utland Repsol-aksjar verd 1,7 milliardar.

Vil vere isolerte. Nord i Peru, på grensa til Ecuador, er det gjort gode funn av olje i bakken under jungelen. Her ligg leiteblokk 39 med eit areal på nesten 8.900 kvadratkilometer - eller litt større enn Rogaland. Repsol er operatør og hovudeigar av denne oljeblokka.

Men i blokk 39 står sterke kommersielle oljeinteresser mot svakare urfolks interesser. Leiteområdet overlappar om lag 80 prosent av eit foreslått reservat for vern av isolerte urfolk.

– Vi snakkar om urfolk som sjølve har valt å vere isolerte. Dei ønskjer ikkje kontakt med folk frå omverda, for slik kontakt tyder berre ein ting, den visse død. Folk utanfrå har med seg sjukdommar desse indianarane ikkje evnar å overleve. Vi snakkar om sjukdommar som er ufarlege for oss, men som er livsfarlege for dei, fortel Hareide, og legg til:

– Sjølv reaksjonære misjonærar har innsett at sjølvisolerte indianarar i Amazonas må få leve slik dei ønskjer. Men dette forstår ikkje oljeselskapa som no leitar etter olje der.

Omfattande inngrep. Repsol har presentert eit dokument for kor omfattande aktiviteten i blokk 39 vil bli. Selskapet skal etablere 42 jungelleirar, 75 landingsplassar for helikopter og 3.800 droppsonar. Vidare skal dei hogge 3.700 kilometer med 1,5 meter breie stiar i jungelen. Totalt vil oljeleitinga føre 1.300 arbeidarar inn i blokk 39, fortel The Guardian.

Samstundes som Perus energi- og gruvedepartement har godkjent Repsols leiteplan, har Perus regjering fått om lag 6 millionar kroner i støtte frå Den inter-amerikanske utviklingsbanken for å utvikle prosjekt som skal ta vare på landets grupper med isolerte indianarar.

Organisasjonane AIDESEP and Orpio arbeider for urfolks rettar i Peru. Begge oppmodar landets regjering om å få oljeselskapa ut av blokk 39. Orpios talsmann seier det same som Regnskogfondet.

– Konsekvensane for dei isolerte urfolka kan bli fatal, fortel David Freitas til The Guardian. Han meiner oljeleiting i blokk 39 er ein «brutal og ukunnig» måte å få urfolket til å forsvinne på.

Viser motstand. – På kva måte fortel desse indianargruppene at dei ikkje vil ha kontakt med omverda, Dag Hareide?

– Alt frå enkle symbol i jungelen, pinnar i kryss på stiar som går inn i områda deira, til at dei trekkjer seg attende når folk utanfrå kjem for nære, og til sist har vi døme på aktiv motstand.

– Kven er det som formidlar kontakten mellom desse indianargruppene og dykk?

– Vi har partnarorganisasjonar i Peru som har kontakt med indianargrupper som lever i naboområda til dei isolerte stammene. Via desse får vi tydelege meldingar: Oljeselskapa må vekk, seier Hareide.

Taus eigar. Finansdepartementet ønskjer ikkje å svare på kritikken og oppfordringa frå Regnskogfondet.

– Investeringar i einskilde selskap blir aldri kommentert, seier kommunikasjonsrådgjevar Tor Audun Gram.

Men om det er taust i Finansdepartementet, snakkar ein annan raudgrøn statsråd om kor viktig det er å vise solidaritet med urfolk.

– Mange urfolk er utsett for undertrykking og forfølging og treng vår støtte og vedkjenning. Regjeringa vil derfor framleis vere ein aktiv part i internasjonalt arbeid for dialog mellom statar og deira urfolksgrupper, seier statsråd Rigmor Aasrud (Ap), som også er sameminister.

På fredag var det FNs internasjonale urfolksdag, ein viktig merkedag for 5.000 ulike urfolksgrupper verda over, inkludert indianarane i Peru. Verdas urfolk utgjer over fem prosent av verdas befolkning, vel 370 millionar menneske fordelt på om lag 90 land. Rigmor Aasrud seier dei fleste urfolk lever under vanskelige forhold.

Viser respekt. I Repsol viser pressetalsmann Gonzalo Velasco Perez til selskapets verdidokument når han svarar på kritikken frå Regnskogfondet og dagleg leiar Dag Hareide:

– Repsol forpliktar seg til å respektere urfolks rettar i samsvar med selskapets verdiar og forpliktingar, og dei internasjonale traktatane og avtalane vi frivillig støttar, uansett om dei er innarbeidd eller ikkje i dei landa vi arbeider i.

Velasco Perez trekkjer særleg fram ILO-konvensjonen om urfolk og FN-erklæringa om urfolks rettar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter