Nyheter

LO minner biskopane om det tredje bodet

Trine Lise Sundnes i Handel og kontor etterlyser sterkare hjelp mot sundagsopning. Tankesmia Skaperkraft tykkjer biskopane er feige.

– I denne saka snakkar vi om å etterleve eit av dei ti boda, og det bør biskopane i Den norske kyrkja stå opp og kjempe for, seier forbundsleiar Trine Lise Sundnes i Handel og Kontor.

Høgre og Fremstegspartiet vil skrote kviledagsfreden. Norge skal vere ope sju dagar i veka. Folk skal få handle mjølk, brød, vaskemaskin eller bil på sundag.

Men etter at varselet om slutt på sundagsstille blei sendt ut frå Sundvollen sist måndag, har det strøymt på med fordømingar:

• Arbeidstakarorganisasjonen Handel og Kontor seier bestemt nei.

• Arbeidsgjevarorganisasjonen NHO Handel er imot.

• Butikksjefar vil ikkje halde sundagsope, 7 av 10 seier nei; dei vil verne om fritida, viser Lederne-måling.

• Daglegvarekjedene er lite lystne. Coop meiner spørsmålet om sundagsope er drive fram av politikarar, ikkje av kundar.

Frå før har folket sagt nei. 51 prosent seier nei til sundagsopne butikkar, viste Vårt Land-måling i september.

LES OGSÅ: Biskoper fant ikke helligdagsfred viktig nok

Mange saker. Vårt Land spurde laurdag eit knippe biskopar om kva dei meinte om eit sundagsope Norge. Svara overraskar forbundsleiar Sundnes i Handel og Kontor.

– Det er veldig mange saker i media til ei kvar tid. Og når ei regjering legg fram ein heil palett av ulike saker, så er det litt vilkårleg kva ein kommenterer, sa Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug.

– Media forventar at vi ikkje støttar sundagsopne butikkar, sa Sør-Hålogaland-biskop Tor B. Jørgensen.

– Eg har sikkert forsømt meg fordi det har vore litt travelt no, sa Tunsberg-biskop Laila Riksaasen Dahl.

Sjefsbiskop i Den norske kyrkja, preses Helga Haugland Byfuglien, hadde ikkje høve til å kommentere saka.

– Handel og Kontor forventar full støtte frå biskopane i kampen mot sundagsope, for kyrkjas leiarar har tidlegare vore viktige kampfellar, seier Sundnes.

Feige biskopar. Også den kristelege tankesmia Skaperkraft etterlyser biskopane og andre kyrkjeleiarar. Dagleg leiar Hermund Haaland ber biskopane kome tydeleg på banen i «ei så viktig sak som å halde kviledagen heilag».

– Her treng det ikkje argumenterast bibelsk ein gong. Folk vil ha ein fridag i veka, og han må vernast mot liberaliseringa som Høgre og Frp her fremmar.

– Kva tykkjer du om kampviljen til biskopane?

– Eg tykkjer dei er litt feige, og det i ei sak som ikkje er kontroversiell.

Haaland minner om at kyrkjerådsleiar Svein Arne Lindø i vår tok sjølvkritikk på vegne av kyrkja i debatten om legars reservasjonsrett.

– Han vedgjekk at kyrkjeleiarane kom for seint på banen, og var utydelege.

– Kvifor går biskopar høgt og tydeleg ut i klima- og miljøsaker?

– Det er politiske korrekt å engasjere seg mot oljeleiting og oljeutvinning, meiner Haaland.

– Skal kritikken din oppfattast som ein refs av biskopane?

– Nei, som ei etterlysing til å delta i fleire viktige samfunnsdebattar.

Sparer krutt. Forskar Pål Ketil Botvar ved Kirkeforskning trur biskopane kanskje sparer kruttet til andre saker enn sundagsope.

– Kan hende vil dei ikkje gå i klinsj med den nye regjeringa før ho har kome på plass. Kan hende meiner dei andre endringar er viktigare å kjempe mot.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter