Nyheter

Kritiserer nordmenn for liten gjevarglede

47 kroner per nordmann blei samla inn under årets TV-aksjon. Skammeleg lite, seier innsamlingsekspert.

To timar sundag ettermiddag gjekk rundt 100.000 bøsseberarar ut i Norge og samla inn pengar til vassprosjekt i regi av Kirkens Nødhjelp (KN).

Måndag viste oppteljinga at årets TV-aksjon hadde sett ny innsamlingsrekord. 240 millionar kroner trilla ut av bøssene, og summen inkluderer 35 millionar kroner frå Solberg-regjeringa.

Resultatet skapte glede i KN:

– Dette er heilt eventyrlig, eg er heilt nummen. Årets tema «vann forandrer alt» har verkelig engasjert Norges befolkning, og eg er både stolt og audmjuk over all støtta vi har fått, sa generalsekretær Anne-Marie Helland til NTB.

LES MER: Synes folkeopplysning teller mer enn penger

Ein dobbel latte

Jan Olav Ryfetten, dagleg leiar i Stiftelsen Soria Moria, brukar heilt andre ord om resultatet frå årets TV-aksjon:

– 47 kroner per nordmann er ikkje noko å slå seg på brystet av. 47 kroner per nordmann er skammeleg, seier han til Vårt Land.

For å setje det «i ei rett ramme» trekkjer Ryfetten fram nordmenns evne til å bruke pengar på seg sjølve om nokre veker.

– I fjor brukte kvar nordmann 9.900 kroner på julehandel, seier han som har 20 års røynsle med innsamling til frivillige organisasjonar.

Ryfetten meiner lønnsvekst og gjevarglede ikkje heng saman. Aldri før har så mange nordmenn tent så godt som no, likevel gjev vi mindre enn 50 kroner i snitt til «den store dugnaden», påpeikar han.

– 47 kroner er like mykje som ein dobbel latte på ein kaffibar.

Etter mange år i innsamlingsbransjen meiner Ryfetten å sjå ein tydeleg trend. Nordmenn tener meir, men gjev mindre.

LES MER: Samlet inn penger til vann i åtte land

Same sum

Karl-Henrik Sivesind er ein av Norges fremste kjennarar av frivillig arbeid. Forskaren ved Institutt for samfunnsforsking (ISF) gjev Ryfetten rett i bilete av den norske gjevarviljen:

– Dei siste åra har det blitt fleire gjevarar, men nivået på den samla summen ligg på same nivå.

Ei kartlegging gjort ved ISF viser at i åra 1997-2009 gjekk talet på husstandar som gav fast til frivillige organisasjonar opp frå 51 til 75 prosent.

– Vi fekk fleire gjevarar, men dei gjev mindre, difor stig ikkje den samla summen, forklarar Sivesind.

Han opplyser at mange andre land i Europa klarar å samle inn meir i nasjonale aksjonar enn det TV-aksjonen gjer.

– Skilnaden er at i Norge sender vi ut 100.000 bøsseberarar nokre timar ein dag, medan tilsvarande aksjonar i andre land blir spreidde over fleire dagar.

Døme på slike land er Austerrike, Storbritannia og Nederland.

Når ISF-forskaren analyserer dei årlege TV-aksjonane på NRK, ser han ei klar rangering:

– Bistandsorganisasjonar kjem på topp i oppslutning. Deretter kjem helse- og livssynsorganisasjonar. Nedst kjem sosiale organisasjonar.

LES MER: Skippertak for samvittigheten

Bistandspolitikk

– KN set rekord med 240 millionar kroner i år, men det blir berre 47 kroner per nordmann – kvifor blir ikkje snittsummen høgare?

– Dette heng saman med norsk bistandspolitikk. Bistandsprosenten står sterkt i Norge, vi skal gje ein prosent av brutto nasjonalinntekt til bistand. Dermed blir den norske staten ein stor gjevar, og mange norske frivillige organisasjonar får store summar. Når så bøsseberarane bankar på ein sundag i oktober, tenkjer nok mange at «vi har jo vore med på å gje mykje allereie», seier Karl-Henrik Sivesind.

LES MER: Vi gir mindre av lønnen til TV-aksjonen

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter