Nyheter

Krev eigen bistandsminister

Dei blåblå gjorde ein stor feil då utviklingsministeren blei fjerna frå regjeringa i 
fjor haust, seier Digni.

– Børge Brende arbeider hardt med å gjere Norge synleg i ei verd full av krig og konfliktar. Dermed får han ikkje tid til å vere utviklingsminister, noko som har alvorlege konsekvensar, seier generalsekretær Jørn Lemvik i Digni, paraplyorganisasjonen utviklingsarbeidet til 19 misjonsorganisasjonar og kyrkjesamfunn.

LES OGSÅ: Flere organisasjoner vil ha egen bistandsminister

– Kva konsekvensar?

– I eit år har Brende hatt ansvaret for utviklingspolitikken i tillegg til alt det andre som ligg i hans portefølje. Resultatet er eit kapasitetsproblem, det er lang veg til ministeren og det tek lengre tid å få avklara viktige saker. Ute er det eit problem at no kjem det berre ein utviklingsstatssekretær med avgrensa fullmakter på besøk til samarbeidsland. Heime er avstanden inn til Brende blitt lang. Sjølv har eg på Dignis vegne bedt om eit møte tre gonger, utan å få svar. Eg har fått møte hyggjelege og kunnskapsrike statssekretærar, men dei har ikkje fullmakter til å ta avgjerder.

LES OGSÅ: Solberg skrotet utviklingsministeren

– Kva er løysinga?

– Dette er ingen kritikk mot personar – dei er alle kompetente, men vi trur det er mogeleg å få til ei betre organisering av utanriks- og utviklingsarbeidet. Vi ser gjerne at statsråd Vidar Helgesen gjev frå seg Europa-sakene til Brende, og blir utviklingsminister på heiltid. Han er svært kompetent og det vil styrkje det viktige utviklings-arbeidet å få han i den stolen, seier Lemvik.

600 millionar

Målt i kroner er det vekst i det første blåblå bistandsbudsjettet, men det manglar likevel 600 millionar kroner for at 1-prosentmålet blir nådd.

– Dette løyser seg straks KrF opnar munnen i budsjettforhandlingane, meiner Lemvik, og legg til:

– Sjølvsagt skal nivået på Norges bistand ligge på éin prosent av BNI. 0,98 er ikkje godt nok.

– Høgre og Frp har lenge varsla store omleggingar av bistandspolitikken – lever dei opp til varsla?

– Løyndomskremmeriet har vore omfattande siste året. Det kunne regjeringa spart seg. 
Dette er til å leve med.

LES OGSÅ: Havner under 1-prosentmålet i bistand

Blå bistand

– Kvar ser du den blåaste endringa av bistandsbudsjettet?

– Det er på punktet om meir næringsbistand.

– Eit av varsla var kutt i talet på land som får norsk bistand – er kuttet på 32 land, ned frå 116 til 84 land, til å leve med?

– Ja. Hadde nokon sagt til meg at vi i Digni berre skulle gå ned frå 40 til 36 land i haust, hadde eg ikkje trudd dei, varsla var alvorlegare enn røynda. Men vi støttar konsentrasjonen om færre land.

Kyrkjer må med

– Kven av 
bistandssatsingane til regjeringa er de mest nøgde med?

– Utdanning er bra. Men regjeringa gløymer ein viktig samarbeidspartnar. Skal ein lukkast med satsinga på utdanning på landsbygda, må kyrkjene med. I mange fattige land har kyrkjene levert opp mot 50 prosent av skulane. Dette har vi spelt inn til departementet, men det står ingenting i budsjettet.

– Har dei ikkje høyrt etter?

– Vi skal i alle fall syte for at bodskapen blir fortalt på nytt.

LES OGSÅ: Gir Frp klar beskjed: Ikke rør bistandsprosenten

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter