Nyheter

Kjempar­ for slaveerstatning­ til Michelle Obama

John Conyers er ein seig politikar som får det som han vil. Difor har USA ein fridag som heidrar Martin Luther King. No skal Michelle Obama få slaveerstatning.

– Eg har lagt fram lovforslaget for Kongressen kvart år sidan 1989, og vil halde fram til det er innlemma i lova, lovar ein av USAs mest røynde folkevalde.

John Conyers jr. blei valt inn frå storbyen Detroit allereie i 1965. Sist tysdag blei han attvald til Representantanes hus for 26. gong, og blir med den kongressmannen med lengst fartstid i USA nasjonalforsamling.

I Detroit var det aldri tvil om at Conyers ville vinne valet. Som vanleg feia han den republikanske motstandaren av banen ved haustens mellomval. Med over 80 prosent av røystene nådde motkandidaten knapt opp til stemmeurna.

Makt er til for å brukast, meiner Conyers. Sjølv om ein ikkje lukkast med ein gong, må ein aldri gjeve opp. Difor vil han i januar, når den nyvalde Kongressen kjem saman, på nytt fremje lovforslaget om at det blir sett ned ein undersøkingskommisjon som granske eit av dei vanskelegaste sakene i USAs historie:

Slaveriet.

LES OGSÅ: President-ørnen har landet

Lova land

– Eg har i tiår argumentert for at den føderale regjeringa må gjennomføre ein studie av kva verknadar slaveriet hadde på det sosiale, politiske og økonomiske livet i vår nasjon, seier Conyers og peikar sjølv ut ei retning:

– Over fire millionar afrikanarar og deira etterkommarar blei slavar i USA og landets koloniar i åra 1619-1865. Resultatet blei at USA stod fram som eit av dei mest velståande landa i den frie verda. Men dei afrikanske slavane blei ikkje kompensert for arbeidet.

Verknadene

No vil Conyers ha skadeverknadane opp på bordet: Konsekvensane av slaveriet må granskast, særleg med på tanka på kva langtidsskader som blei påført den svarte befolkninga i USA.

Demokraten greip til slavehistoria då han namngav lovforslaget han lanserte i 1989:

– Eg valde lov nummer 40 som eit symbol på lovnaden USA gav alle frigjevne slavar; 40 dekar land og eit muldyr, seier han snart 150 år etter at slaveriet blei avskaffa. Conyers vonar at det ein dag kan etablerast ei erstatningsordning.

Av USAs millionar av slaveetterkommarar, bur den mest prominente i Det kvite hus. Michelle Obama kan spore røtene tilbake til svarte sørstatsfamiliar som alle levde i lenker.

LES OGSÅ: Førstefrue til Det hvite hus?

Takserte slavar

I 1852 blei Melvina Shields taksert. Verdien på åtteåringen blei sett til 475 dollar då plantasjeeigaren hennar takserte sitt jordiske gods; bygningar, kveg, innbu – og slavar. To år etter takseringa døydde eigaren og dottera og mannen arva Melvina. Som 15-åring fødde ho ein son.

Michelle Obamas tippoldefar hadde ein kvit far, men Dolphus Shields blei fødd inn i slaveriet. Han opplevde likevel å bli ein fri mann, og døydde i 1950. Då hadde han grunnlagt ei kyrkje, jobba som prest og vore aktiv i den gryande borgarrettskampen.

Ein annan og langt meir kjent borgarrettsforkjempar var også prest. Då Martin Luther King blei skoten i 1968, mista USAs svarte ein av dei fremste talsmennene for kravet om likeverdig behandling.

Fekk fridag

Mordet fødde ein idé hjå ein fersk rikspolitikar frå Detroit: Kva med å heidre Martin Luther King med ein eigen fridag, ein dag til å stoppe opp og tenkje over at USA skal vere for alle, uavhengig av farge og rase?

Nasjonen må få ein eigen Martin Luther King-dag, lydde forslaget John Conyers fremma i Kongressen i 1968. Nei, svarte fleirtalet av dei folkevalde i Washington. Nei, sa dei kvart år Conyers fremma forslaget.

Så skjedde det noko. Fleirtalet snudde. I 1983 blei loven klubba gjennom. Difor har amerikanarar fri den tredje måndagen i januar til minne om mannen som ofra livet for at USAs svarte skulle få same rettar som kvite. Dagen er valt då denne måndagen er nærme Luther Kings fødselsdag 15. januar.

LES OGSÅ: Splittet nasjon og upopulær president

Radikal idé

John Conyers har tru på å vinne fram med kommisjons- og erstatningsforslaget, akkurat som han vann fram med Martin Luther King-dagen.

– Men det er ein radikal idé, vedgår han.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter