Nyheter

Her er det europeiske lappeteppet

Krig splittar Europa opp i nye statar. Sjå vår interaktive grafikk.

Se interaktiv grafikk nederst i saken.

For 100 år sidan, i det soldatar spadde seg ned langs Vestfronten, var det berre 59 sjølvstendige statar i verda. Fem år etter den andre verdskrigen var talet oppe i 89. I dag har FN 193 medlemsland.

Første verdskrig skrota fire imperier. Ut av skrothaugen steig ei lang rekkje nye statar. Dei tidlegare austerrikske landskapa Böhmen og Mähren og det tidlegare ungarske landskapet Slovakia blei til Tsjekkoslovakia. Staten gjekk også til grunne som følgje av ein krig – den kalde krigen.

LES OGSÅ: Ja-mannen som gjør europeiske statsledere nervøse

Signaleffekt

Tsjekkia og Slovakia heiste kvart sitt fridomsflagg i 1992. Same år starta demonteringa av Jugoslavia. Slovenia, Kroatia, Bosnia-Herzegovina, Makedonia, Montenegro og Serbia blei sjølvstendige statar som følgje av Balkan-krigane 1992-1995. Siste stat ut er Kosovo, som mange EU-statar ikkje vil godkjenne. Mellom anna seier Spania nei. Madrid er redde for signaleffekten. Catalonia er ikkje åleine om å ville bryte ut av det iberiske kongedømmet.

Fordi krig har fødd nye statar har fleire separatistorganisasjonar tydd til våpen. Baskiske ETA førte i tiår ein terrorkrig mot Madrid i von om sjølvstende. Innan dei vifta med det kvite flagget hadde ETA nesten 850 sivile liv på samvitet. I andre enden av valdsskalaen ligg Bretagnes revolusjonære hær (ARB). Deira mål er å øydeleggje fransk eigedom utan å ramme sivile.

Vil ikkje dele

Fremst i rekkja av separatistar står Skottland, Catalonia og Flandern. Alle er døme på regionar som har vore sjølvstendige, men som blei ein del av ein større stat. No søkjer dei tilbake til gamle grenser.

Øyvind Østerud, professor i statsvitskap, forklarar: Mange av dei historiske regionane har vore utsette for tvangsintegrasjon i dei statane dei tilhøyrer. Opprørske fridomskjemparar har difor kunne dyrke minnet om fallen stordom og overgrep.

Nokre stadar har kultur og språk blitt utradert – som gælisk og keltisk i randsona av Storbritannia; Skottland, Wales og Nord-Irland. Andre stader har kultur og språk halde draumen om ny sjølvstende levande – som i Catalonia og Baskerland i Spania eller i Sør-Tyrol i Italia.

Vil ikkje dele

Separatismen i mange europeiske land er driven fram av manglande vilje til å dele. Østerud seier det er snakk om ein økonomisk separatisme – eit ønskje om å behalde meir av kaka for seg sjølv. Catalonia er den økonomiske motoren i Spania, akkurat som Padania i Italia.

Eiga framtida

I Europa har fridomssøkjarane søkt saman. European Free Alliance (EFA) er ein paraply for 40 politiske parti som kjempar for sjølvstende, autonomi eller regionalisering (sjå kart).

Eit av dei kjempar for eit meir sjølvstendig Schlesien, ein historisk region aust i Sentral-Europa. I dag ligg brorparten i Polen, medan mindre område ligg i Tyskland og Tsjekkia.

Spanske Bernat Joan kjempar for eit sjølvstendig Catalonia, sit i Europaparlamentet og er æresmedlem i EFA. I sommar deltok han i ein demonstrasjon i Katowice i Polen – eller i Schlesien – der kravet frå 5.000 frammøtte var tydeleg: autonomi innan 2020. Joan meiner dagens Polen er ein arv frå det 19. århundret:

– Eit føderalisert Polen er vegen vidare, då vil schlesiarane bestemme over eiga framtid.

Partiet som kjempar for meir sjølvstende i Schlesien har samla 124.000 underskrifter på kravet om at parlamentet i Warszawa må anerkjenne 850.000 schlesiarar som ein nasjonal minoritet.

Faste grenser

Historikaren Norman Davies, kjent for boka Kongedømma som forsvann, meiner Europas grenser vil bli trekte på nytt i komande århundre – akkurat som er blitt endra i århundra bak oss.

Kanskje kjem det gamle middelalderkongeriket Aragon tilbake som sjølvstendig republikk.

GRAFIKKEN: Det skraverte områda viser kva regioner som har aktive separatistar og målet deira. Grensene følgjer ikkje separatistanes ønskjegrenser, men gir eit bilete av kva regioner som blir ramma.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter