Nyheter

Ber kongen ta opp drap på journalist

Flyktningar i Norge har ei bøn til kong Harald: Ta opp brot på menneskerettar med Myanmars president.

– Reformene har stoppa opp. No må Norge leggje press på regimet. Kampen for demokrati er i ein kritisk fase, seier Myint Aye Aung.

Måndag kjem kong Harald og dronning Sonja til Myanmar. Statsbesøket skal understreke dei tette banda mellom Norge og regimet i Myanmar som er utvikla sidan Thein Sein blei president i 2011 og opna for politiske og økonomiske reformer.

Men mange burmesiske flyktningar her i landet er kritiske til Myanmar-politikken Norge fører. Difor har dei sendt eit brev til kong Harald der dei ber han om å ta opp ei viktig sak under statsbesøket:

Drapet på journalisten Par Gyi.

Journalisten blei arrestert av soldatar i september. I oktober opplyste militæret at Par Gyi hadde blitt drepen medan han var i deira varetekt, han hadde forsøkt å stele eit våpen - og han hadde hatt band til væpna grupper.

- Slett ikkje sant, seier Myint Aye Aung.

LES OGSÅ: Den siste jøden i Yangon

Kongebøn

Saman med 43 andre flyktningar frå Myanmar har han signert brevet til Harald V der dei instendig ber Norges konge om å tale Par Gyis sak:

«Vi ønskjer at vårt land og vårt folk skal få nyte dei same menneskerettane og det same demokratiet som nordmenn og Norge nyt. Vi veit at du elskar dine landsmenn, og vi vonar at du også vil ha sympati for det burmesiske folket, og at du ikkje vil ignorere brutalitet, men bidra ved å ta dette initiativet».

Følg oss på Facebook og Twitter!

To krav

Myint Aye Aung har også tatt initiativet til eit brev som er sendt både til kong Harald og statsminister Erna Solberg. Her har 104 flyktningar i Norge signert saman med ein svensk og ein britisk eksilorganisasjon.

- Vi er takksame for Norges sterke støtte i kampen for demokrati i heimlandet vårt. Aung San Suu Kyi fekk fredsprisen og radiostasjonen Democratic Voice of Burma fekk etablere seg her, fortel Myint Aye Aung.

No meiner eksilmiljøet at Norge må presse Myanmar til å gjennomføre to konstitusjonelle endringar: Dei militæres veto i parlamentet må fjernast, forsvarssjefen peikar ut 25 prosent av medlemmene, og kravet om at presidentkandidatar ikkje må vere gift med utlendingar eller ha barn med utlendingar, må fjernast.

– Dette hindrar opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi å stille som presidentkandidat ved valet neste år. Ho var gift med ein brite, og har to søner med han.

- Så lenge dette ikkje blir endra seier vi at tida er ikkje inne for store, norske investeringar i Burma, understrekar Myint Aye Aung.

Demokratikamp

Den norske Burmakomiteen har også skrive brev til kong Harald. Dei ber monarken dytte på for at «Norge igjen tar posisjonen som demokratiets fremste støttespiller i Burma». Komiteen påpeikar at «Norge har på kort tid gått fra å være en sterk støttespiller for demokratibevegelsen og Daw Aung San Suu Kyi, til å bli en sterk støttespiller for president U Thein Sein og en regjering som ikke er demokratisk valgt».

– Mange i Norge trur det er demokrati i landet, men det er det slett ikkje. Før valet neste år er det særleg viktig å få gjennomført dei to konstitusjonelle endringane, seier Kjell Magne Bondevik. Som statsminister i sju år var han ansvarleg for norsk Burma-politikk, og han har i over 20 år følgt utviklinga i landet. No er han bekymra.

– Norge må ikkje gløyme å støtte opp om opposisjonen og demokratirørslas kamp for politiske reformer.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter